Billy Bremner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Bremner

Billy Bremner (1971).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. desember 1942
Stirling
Død

7. desember 1997 (54 år)
Doncaster

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1974

Utmerkingar

English Football Hall of Fame

William John Bremner, kjend som Billy Bremner, (9. desember 19427. desember 1997) var ein skotsk fotballspelar frå Stirling. Han var midtbanespelar og kaptein i Leeds United si mest suksessrike periode. I 1970 vart Bremner kåra til årets spelar i engelsk fotball. Han vert hugsa som ein drivande og taklingssterk spelar, trass i at han var kortvaksen, og med ein trygg pasningsfot.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bremner ligadebuterte for Leeds i januar 1960. Etter nedrykk i 1960 etablerte klubben seg i toppen av engelsk klubbfotball frå midt i 1960-åra. Frå 1968 var Bremner ei sentral kraft bak ei rad triumfar for Leeds. Våren 1968 vann laget både den heimlege ligacupen og den europeiske messebycupen. Året etter gjekk Leeds til topps i ligaen for aller fyrste gong. I 1971 vann Leeds finalen i messebycupen for andre gong, Eitt år seinare sikra Leeds seg sin fyrste FA-pokal. Sesongen 1973/74 enda med at Leeds vart ligameister for andre gong. Stordomstida til Bremner sitt Leeds vart avslutta med finale i europacupen 1975, ein kamp som enda med tap.

Sidan spelte Bremner 1976-78 på Hull City i andredivisjon og frå november 1978 på fjerdedivisjonslaget Doncaster Rovers, i den siste klubben var han sjefstrenar til 1985. Deretter var han i knappe tre år sjefstrenar i Leeds United.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå mai 1965 til september 1975 spelte Bremner 54 kampar for Skottland, i 39 av desse var han kaptein. Han deltok i VM i fotball 1974, ei turnering der Skottland rauk ut etter gruppespelet, trass i ein siger og to uavgjort. Bremner skåra 3 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1969 og 1974 med Leeds United
  • Vinnar av FA-cupen: 1972 med Leeds United
  • Vinnar av messebycupen: 1968 og 1971 med Leeds United
  • Vinnar av ligacupen: 1968 med Leeds United
  • Tapande finalist i europacupen: 1975 med Leeds United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]