Billy Currie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Currie

Currie i 2009
Fødd1. april 1950 (74 år)
FødestadHuddersfield
FødenamnWilliam Lee Currie
AliasBilly Curry
OpphavHuddersfield, West Riding of Yorkshire, England
AktivSidan 1974
SjangerNew wave, kunstrock, post-punk, synthpop, glamrock
InstrumentBratsj, fiolin, piano, klaverinstrument
Tilknytte artistarTiger Lily, Ultravox, Visage, Tubeway Army, Gary Numan, Steve Howe, Dead or Alive, Sam Blue, Vinny Burns, Humania, Phil Lynott
Verka somMusikar

William Lee Currie (fødd 1. april 1950[1]) er ein engelsk fiolinist, bratsjist, pianist, klaverspelar og låtskrivar. Han er mest kjend som medlem av new wave-bandet Ultravox, som hadde kommersiell suksess i 1980-åra.

Tidleg i 1970-åra vart han medlem i ei eksperimentell kunstgruppe, The Ritual Theatre, før han i 1974 vart med i Tiger Lily på bratsj og klaverinstrument. I 1976 byta bandet namn til Ultravox. Når han ikkje var i Ultravox deltok Currie òg på andre prosjekt og samarbeidde med Gary Numan på det første soloalbumet hans, The Pleasure Principle. Currie vart òg medlem av det studiobaserte bandet Visage, som var fronta av Steve Strange, og som òg hadde Midge Ure, eit anna Ultravox-medlem, som medlem. Currie var medlem i Visage fram til 1984. Ultravox vart oppløyst seint i 1980-åra og 1988 gav ut eit instrumentalt soloalbum, Transportation i 1988. I 1989 skipa han bandet Humania, før han i 1992 samla Ultravox med ei ny besetning, der berre Currie var att frå det originale bandet. Dei gav ut to album i 1990-åra.

Sidan 2001 har Billy Currie gjeve ut fleire soloalbum. Den «klassiske» besetninga av Ultravox kom saman att i 2008 og gav i 2012 ut eit nytt album. I 2016 annonserte Currie at han trekte seg attende frå Ultravox, og i mai 2016 gav han ut det tiande soloalbumet sitt, Doppel.

Tilknytte artistar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Ultravox[endre | endre wikiteksten]

Med Gary Numan[endre | endre wikiteksten]

Med Visage[endre | endre wikiteksten]

Med Dead or Alive[endre | endre wikiteksten]

Med Humania[endre | endre wikiteksten]

  • Sinews of the Soul (2005, innspelt 1989)

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Transportation (1988)
  • Stand Up and Walk (1991)
  • Unearthed (2001)
  • Keys and the Fiddle (2001)
  • Push (2002)
  • Pieces of the Puzzle (2003)
  • Still Movement (2004)
  • Accidental Poetry of the Structure (2007)
  • Refine (2009)
  • Balletic Transcend (2013)
  • Doppel (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]