Billy Konchellah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Konchellah
Statsborgarskap Kenya
Fødd 20. oktober 1961 (62 år)
Kilgoris
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Billy Konchellah (fødd 20. oktober 1961) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg 800-meteren. Han vann gullmedaljen på 800 m både under VM 1987 og under VM 1991. I 1993 fekk han bronsemedaljen på distansen meter under VM i Stuttgart.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå dei fleste storløparane i Kenya var Konchellah ikkje av nandi-folket, men ein masai. Før 1984 stod han i skuggen av landsmannen Mike Boit og særleg britane Sebastian Coe, Steve Ovett og Steve Cram. Fyrst i 1984 kom Konchellah fram i rampelyset. Då Joaquim Cruz vart olympisk meister på 800 m i Los Angeles sprang Konchellah inn til fjerdeplass på tida 1.44,03.

Dei neste åra sleit Konchellah med sjukdom, det vart påvist tuberkulose og han leid av astma. Han var tilbake i 1987-sesongen og noterte årsbeste i verda på 800-meter då han vart verdsmeister med personleg rekord 1.43,03, klart føre favoritten Peter Elliott frå Storbritannia. Deretter var han sett utanfor friidretten med sine astmaplagar, til dess spesialistar i USA fann at allergi var årsak til astamaen. Han busette seg så i Albuquerque i USA og la samstundes om kosthaldet.

Ved dei kenyanske uttaka til verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo, måtte Konchellah sjå den regjerande olympiameisteren Paul Ereng framfor seg. Under tevlingane i Tokyo var Konchellah derimot i absolutt toppform. I 800-meterfinalen låg han langt tilbake i feltet, til det stod att 150 meter av løpet. På oppløpssida passerte han både Ereng og den andre favoritten, brasilianaren José Luiz Barbosa, og forsvarte VM-tittelen med tida 1.43,99.

År 1993 viste Konchellah strålande form då han vann sin semifinale under VM i Stuttgart. I finalen fylgde han sin vanlege taktikk og låg ved 600-metersmerket sist i feltet. Dei siste 200 meterane sprang han fortare enn nokon av dei andre finalistane, men forspranget til hans eigen landsmann Paul Ruto og italienaren Giuseppe D’Urso var så stort at Konchellah enda på tredjeplass.

I 1997 hadde han ambisjonar om å ta ei ny VM-medalje, men vart slått ut or semifinalane ved uttakstevlingane i Kenya.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Konchellah vart i mars 2005 dømd til eitt-og-eit-halvt år i fengsel av ein finsk domstol. Til grunn for dommen låg seksuelt misbruk av mindreårige og narkotikahandel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]