Billy McNeill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy McNeill


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 2. mars 1940
Bellshill
Død

22. april 2019 (79 år)
Newton Mearns

Idrett fotball
Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

William McNeill (2. mars 194022. april 2019), kjend som Billy McNeill, var ein skotsk fotballspelar og -trenar frå Bellshill. Han vert særleg hugsa som lagkaptein i Celtic-mannskapet som vann finalen i europacupen 1967.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

McNeill var forsvarsspelar på Celtic FC frå 1958 til 1975. I denne perioden deltok han i 822 klubbkampar. Frå 1966 til -74 vann laget samtlege ni ligameisterskap i Skottland. McNeill var kaptein for ein klubb som 1965-75 også sigra sju gongar i den skotske cupmeisterskapen og seks gongar i ligacupen. Det store høgdepunktet kom då Celtic vann europacupfinalen 1967 med 2-1 mot FC Inter i Lisboa. Også i 1970 tok Celtic seg til finalen i europacupen, då vart det tap mot Feijenoord etter ekstraomgangar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

McNeill spelte 29 landskampar for Skottland og skåra 3 mål.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

McNeill var Celtic-trenar i til saman ni sesongar, fyrst 1978-83 og sidan 1987-91. I fire av sesongane henta laget hans heim seriepokalen og tre gongar vart Celtic skotsk cupmeister.

Ein statue av McNeill vart i 2015 reist utanfor Celtic Park.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]