Billy Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Mitchell

Statsborgarskap USA
Fødd 29. desember 1879
Nice
Død

19. februar 1936 (56 år)
New York by

Yrke offiser, flygar, flysoldat
Språk engelsk, fransk
Far John L. Mitchell
Billy Mitchell på Commons

William «Billy» Mitchell (29. desember 187919. februar 1936) var ein amerikansk general og luftmaktsteoretikar.

Mitchell tenestegjorde i Frankrike under første verdskrigen og var ved slutten av krigen leiar for alle amerikanske luftstridskrefter i landet. Etter krigen vart han nestkommanderande i flyvåpengreina til Army Air Service, og vart forkjempar for å auka bruken av luftmakt ettersom han meinte dette ville vera viktig i framtidige krigar. Han argumenterte blant anna for at bombefly var eigna til å senka krigsskip, og organiserte ei rekkje bombeangrep mot stilleståande skip for å demonstrera ideen.

Han skaffa seg fleire fiendar i hæren grunna kritikk, og i 1925 vart han fråteken ein mellombels kommisjon som brigadar. Han vart seinare same året stilt for krigsrett for ulydigheit etter å ha skulda leiarane i hæren og marinen for «ein nærast forræderisk leiing av forsvaret til nasjonen» etter at leiinga investerte i krigsskip framfor hangarskip. Han trekte seg frå hæren kort etter.

USS «Alabama» vert bomba frå fly som demonstrasjon av Mitchell sine idear

Mitchell vart posthumt utnemnd til generalmajor av president Franklin D. Roosevelt. Bombeflyet North American B-25 Mitchell er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]