Billy Strange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Billy Strange
Fødd29. september 1930(1930-09-29)
FødestadLong Beach i California i USA
Død22. februar 2012 (81 år)
DødsstadFranklin i Tennessee i USA
FødenamnWilliam Everett Strange
OpphavUSA
SjangerCountry
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
PlateselskapEra Records
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medJoan O'Brien

William Everett «Billy» Strange (29. september 193022. februar 2012) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og skodespelar. Han var studiomusikar og vart kjend frå Wrecking Crew, og innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum som ein del av The Wrecking Crew i 2007.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Strange slo seg saman med Mac Davis og skreiv fleire hitsongar for Elvis Presley, som «A Little Less Conversation», kjenningsmelodien til Charro!, og «Memories». Strange skreiv òg musikk for to Presley-filmar, Live a Little, Love a Little og The Trouble with Girls. Han skreiv òg «Limbo Rock» som vart spelt inn av The Champs og Chubby Checker.

Strange spelte inn mange coverversjonar av James Bond-songar for GNP Crescendo Records og akkompagnerte og arrangerte Nancy Sinatra sin versjon av «You Only Live Twice» i tillegg til Nancy og Frank Sinatra sin «Somethin' Stupid». Han vart anerkjendt av Rockabilly Hall of Fame som ein pioner innan sjangeren.[1]

Strange spelte gitar på fleire Beach Boys-hittar, som «Sloop John B» og på albumet Pet Sounds. Han spelte òg gitar for Nancy Sinatra, Jan & Dean, The Ventures, Willie Nelson, The Everly Brothers, Wanda Jackson, Randy Newman og Nat King Cole blant fleire. Ein av dei mest kjende framføringane hans var på Nancy Sinatra sin versjon av «Bang Bang (My Baby Shot Me Down)».

Strange arrangerte og dirigerte alle albuma til Nancy Sinatra på Reprise i tillegg til Nancy Sinatra og Lee Hazlewood si plate for RCA Records,, Nancy & Lee Again og albumet Nancy & Lee 3 i 2003. Han arrangerte òg Sinatra og Mel Tillis-albumet Mel & Nancy i 1981. Han arrangerte og dirigerte for Frank Sinatra, Dean Martin, Sammy Davis jr., Duane Eddy og Elvis Presley. Ein av dei mest kjende arrangementa hans var «These Boots Are Made for Walkin'» for Nancy Sinatra. Strange song òg for Steve McQueen i Baby the Rain Must Fall.[2]

Strange spelte kjenningsmelodiar for mange Disney-filmar og TV-show som «The Munsters» (1964), «Batman» (1966) og «Have Gun – Will Travel» (1957). Han er gitaristen som spelar på kjenningsmelodien til «The Munsters».

«A Little Less Conversation», som han skreiv med Mac Davis, vart nytta i DreamWorks-filmen Shark Tale (2004) og Megamind (2010).[3]

Han song sin eigen song, «The Ballad of Bunny and Claude», i Merrie Melodies Bunny And Claude (We Rob Carrot Patches) (1968) og The Great Carrot-Train Robbery (1969).[3]

Utvalde filmar[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Film- og TV-musikk[endre | endre wikiteksten]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Billy Strange Plays Roger Miller
  • Mr. Guitar
  • The James Bond Theme / Walk Don't Run '64
  • English Hits of '65
  • Goldfinger
  • Secret Agent File (seinare gjeve ut på ny som eit samlealbum)
  • James Bond Double Feature
  • In the Mexican Bag
  • Great Western Themes
  • Billy Strange and The Challengers
  • Strange Country
  • 12 String Guitar
  • Railroad Man
  • Super Scary Monster Party (samlealbum)
  • De Sade (filmmusikk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billy Strange». Rockabilly Hall of Fame. Henta 30. november 2016. 
  2. Friskics-Warren, Bill (24. februar 2012). «Billy Strange, '60s Session Gitarist, Dies at 81». The New York Times. s. D8. 
  3. 3,0 3,1 Minovitz, Ethan (23. februar 2012). «Gitarist and låtskrivar Billy Strange dies at 81». Big Cartoon News. Big Cartoon DataBase. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]