Biltema
| Biltema | |||
| | |||
| Biltema i Finland | |||
| Org.form | Aksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Svensk orgnr. | 556297-3320 | ||
| Bransje | Detaljhandel | ||
| Skipa | 1963 | ||
| Morselskap | Biltema B.V | ||
| Hovudkontor | Jönkøping | ||
| Land | Sverige | ||
| Produkt | Bil, båt, fritid, verktøy, heim m.m | ||
| Omsetnad | 8,75 mrd (2012) | ||
| Nettstad | http://www.biltema.com/ (engelsk) | ||
Biltema er eit registrert varemerke for eit svensk detaljhandelsfirma som vart skipa i 1963 av Sten Åke Lindholm som ei postordreforretning i Linköping under namnet «Handelsbolaget BIL-TEMA».[1] Biltema er seinare utvida til ein varehuskjede, og hadde i 2012 ei omsetjing på 8,75 milliardar kroner. Varehusa vert drivne på franchisebasis, og selskapet Biltema B.V., registrert i Amsterdam i Nederland, eig varemerket «Biltema». Biltema gjev ut 14 millionar katalogar i året med oversyn over varene som er til sals, og har eigen internetthandel.
I 1976 blei verksemda flytta til Torviinge industriområde i Linköping. Omsetjinga var då på 25 millioner svenske kroner. Lokala var 6000 m² store, og av dette var 250 m² butikklokale. Det andre varehuset som Biltema etablerte, ligg i Sandnes kommune i Noreg og vart opna i 1983. Verksemda i Noreg er i dag organisert av selskapet Biltema Norge AS med forretningskontor i Lier. Det norske selskapet er 100% eigd av selskapet Biltema B.V. i Amsterdam i Nederland, som altså eig varemerket «Biltema».
I 2013 hadde Biltema 105 varehus i Sverige, i Noreg, i Danmark, der det fyrste varehuset vart opna i 2002, og i Finland, der det fyrste varehuset vart opna i 1985, og reknar med å få 66 nye varehus innan 2016.
Biltema i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Dei norske varehusa ligg i Arendal, Askim, Bamble, Bergen, Bodø, Bryne, Bærum, Egersund, Elverum, Fauske, Finnsnes, Follo, Fredrikstad, Førde, Gjøvik, Gol, Hadeland, Hamar, Harstad, Haugesund, Hell, Hønefoss, Karmøy, Kongsberg, Kongsvinger, Kristiansand, Lade i Trondheim, Larvik, Lier, Lillehammer, Lyngdal, Mjøndalen, Mo i Rana, Molde, Mosjøen, Moss, Namsos, Narvik, Oslo, Sandefjord, Sandnes, Sarpsborg, Skien, Skjetten i Skedsmo, Sogndal, Steinkjer, Stord, Tromsø, Trondheim, Tønsberg, Ulsteinvik, Valdres og Ålesund.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biltema Norge
- Om Biltema
- Biltema i dag Arkivert 2013-04-03 ved Wayback Machine.