Bingen am Rhein
| Bingen am Rhein | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Rheinland-Pfalz | ||
| Landkreis | Mainz-Bingen | ||
| Høgd | 89 m | ||
| Areal | 37,71 km² | ||
| Folketal | 26 339 (31. desember 2023)[1] | ||
| Postnummer | 55411 | ||
| Retningsnummer | 06721-06725 | ||
| Bilnummer | MZ | ||
![]() Bingen am Rhein 49°58′01″N 7°53′42″E / 49.966944444444°N 7.895°E | |||
| Wikimedia Commons: Bingen am Rhein | |||
Bingen am Rhein er ein by i distriktet Mainz-Bingen i Rheinland-Pfalz i Tyskland ved elva Nahe der denne renn ut i Rhinen. Byen er grunnlagt i jernalderen av keltarane («Bingium»), og har i dag om lag 25 000 innbyggjarar.
Under Romarriket var Bingen utgangspunkt for Via Ausonia, hovudvegen nordover til Augusta Treveroroum (Trier). Romarane bygde festningsverk i byen med ein garnison i det første hundreåret e.Kr, og ei trebru over Rhinen vart reist i 77 e.Kr. Etter Romarriket fall vart Bingen frankisk krongods.
I høgmellomalderen freista Bingen ei vanskeleg vere som len under erkebispedømet Mainz, og leid hardt under bondeopprøret i 1525. I første halvdelen av 1300-talet vart «musetårnet» (Binger Mäuseturm) reist som befesta tollkontor på ei lita øy ute i Rhinen. Her vart ifølgje segna Mainz-biskopen Hatto I drepen ved at han under ein hungersnaud på 900-talet vart eten opp av mus, derav namnet til tårnet.
I mellomalderen var Bingen vanskeleg å passere for skip, og vart dermed ei viktig hamn for omlasting og losing av frakteskuter. Først i 1832 vart den dryge 6 meter breie passasjen utvida til 66 meter då den undersjøiske kvartsittgrunnen ved Bingen vart sprengt bort.
Bingen var fransk i perioden 1792–1813 (frå starten av revolusjonskrigane til bortimot slutten av Napoleons-tida). Etter Wienerkongressen i 1816 vart byen delt mellom Hessen og Preussen. Med samlinga av Tyskland i 1871 vart funksjonen til Bingen som tollstad og grenseby overflødig, og Binger Mäuserturm fungerte som signaltårn for skip fram til 1974.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Bingen am Rhein» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2012.
