Bint Jbeil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bint Jbeil
بنت جبيل
by
Land  Libanon
guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Bint Jbeil distrikt
Koordinatar 33°07′N 35°26′E / 33.117°N 35.433°E / 33.117; 35.433
Areal 9,10 km²
Folketal 30 000  (2001)
Kart
Bint Jbeil
33°07′33″N 35°26′34″E / 33.125833333333°N 35.442777777778°E / 33.125833333333; 35.442777777778
Wikimedia Commons: Bint jbeil

Bint Jbeil (arabisk بنت جبيل) er den nest største byen i Nabatiye guvernement i Sør-Libanon.

Byen har kring 30 000 innbyggjarar. Det eksakte folketalet er ukjend, sidan Libanon ikkje har utført ei folketeljing sidan 1932.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området kring Bint Jbeil har vore busett i tusenvis av år. Arkeologar meiner at festningsbyen En-hazor, som Josvas bok i Bibelen skildrar var busett av Naftalifolket, låg i nærleiken.[2]

Somme historikarar meiner namnet på byen kjem frå eit jemensk namn. Dei hevdar at namnet er knytt til jemenske folk som flytta til Levanten for mange hundreår sidan frå jemenske byar som Jibla, Jabalan Al Ardaba og Jabalan Al Raymah. Andre historikarar hevdar at grunnleggjarane av Bint Jbeil var fønikarar, som kom frå den nordlege libanesiske byen Jbeil (Byblos) Bint Jbeil tyder bokstavleg «dottera til Byblos».

Byen er hovudsakleg busett av sjiamuslimar (90%), medan resten er kristne. Han har vore åstad for valdelege episodar fleire gonger det siste hundreåret.

Bint Jbeil var okkupert av Israel i 1978 under operasjon Litani, og igjen frå 1982 til 2000 under Sør-Libanonkonflikten 1982-2000, då området vart kraftig avfolka. Så mange som 75% av innbyggjarane flytta til andre delar av Libanon.[3] Han var åstad for fleire valdelege åtak på israelske styrkar, mellom anna ei bilbombe utført av Hizbollah den 25. april 1995.[4] Hizbollah tok kontroll over byen då israelarane trekte seg ut av Sør-Libanon.

Som den største byen i området vert Bint Jbeil stundom kalla «Hovudstaden av det frigjorte sør» (av sjiamuslimar) eller «Hizbollah-hovudstaden» (av israelarane) Han vert rekna som eit av sentra med symbolsk historie for Hizbollah.[5]

Bint Jbeil var igjen åstad for kampar mellom israelske styrkar og Hizbollah Libanonkrigen i 2006, då det vart gjort store skadar i byen. Oppbygginga starta tidleg i 2007, men har gått sakte.[6] Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad vitja byen i 2010 for å syne solidaritet med Hizbollah og dei lokale offera etter åtaket til Israel.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.unhcr.org/refworld/country,,,COUNTRYPROF,LBN,4562d8cf2,4954ce52c,0.html
  2. Eerdmans Dictionary of the Bible, eds. David Noel Freedman, Astrid B Beck, Allen C Myers, p. 407. Wm. B. Eerdmans Publishing (2000)
  3. "The Situation in Lebanon, July 1989", hearing before the Committee on Foreign Affairs Subcommittee on Europe and the Middle East
  4. Ami Pedahzur, Suicide Terrorism, p. 127. Blackwell Publishing, 2005
  5. «Bint Jbeil: Hezbollah heartland». BBC News. 27 July 2006. 
  6. Vision of Rebuilding Lebanon Wanes, Hassan M. Fattah, New York Times, January 22, 2007
  7. MacLeod, Hugh (14. oktober 2010). «Hezbollah gives Ahmadinejad a hero's welcome in Sør-Libanon». The Guardian (London). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]