Binyamina-Giv'at Ada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°31′20″N 34°56′42″E
Binyamina-Giv'at Ada
בנימינה-גבעת עדה
lokal kommune
PikiWiki Israel 4472 Founders Street Binyamina.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°31′20″N 34°56′42″E
Areal 25,7 km²
Folketal 10 200
Grunnlagd 2003 ved samanslåing
Borgarmeister Ori Disatnik
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Binyamina - Givat Ada

Binyamina-Giv'at Ada (hebraisk skrift בִּנְיָמִינָה) er ein by i Haifa distrikt i Israel. Han vart danna i 2003 då dei to lokale kommunane Binyamina og Giv'at Ada vart slått saman. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Binyamina-Giv'at Ada 12 000 mot slutten av 2009.[1] Før samanslåinga hadde Binyamina 6 600 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Binyamina[endre | endre wikiteksten]

Binyamina vart grunnlagd i 1922 og kalla opp etter baron Edmond Benjamin James de Rothschild. I følgje Jewish National Fund vart Binyamina grunnlagd på landområde eigd av PICA av medlemmar frå den tredje Aliyah. Landsbybuarane levde først av sitrusdyrking. I 1947 hadde Binyamina 2000 innbyggjarar.[2]

Givat Ada[endre | endre wikiteksten]

Pionerkvinner gjer klesvasken i Binyamina i 1930.

Givat Ada, kalla opp etter kona til baron Edmond James de Rothschild, Adelaid (Ada), vart grunnlagd i 1903 av åtte familiar frå Zichron Ya'akov.[3] Givat Ada vart grunnlagd som eit jordbrukssamfunn. Dei viktigaste avlingane var det dei fekk frå åkrane og grønsaker, og seinare druer.[4]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den historiske Givat Ada-synagoga.

Området er heimstaden til både Binyamina vingard, som produsert 2,8 millionar flasker vin i året, og Tishbi vingard, som vart starta opp av Jonathan Tishbi i 1985. Tishbi produserer i dag kring ein million flasker i året.[5][6]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CBS statistics
  2. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 24. 
  3. Women on the Map
  4. Women on the Map
  5. «About Us». Binyamina Wines. 
  6. Rogov, Daniel (12. august 2009). «Wine and Spirits / Family fortune». Haaretz. 
  7. Choose your family, Haaretz