BioFoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

BioFoto er ein norsk samskipnad for naturfotografar. Samskipnaden har om lag 1 500 medlemmar (sommaren 2010), og er open for medlemmar frå dei andre nordiske landa.

BioFoto organiserer både profesjonelle og amatørar, i motsetnad til samskipnaden Norske Naturfotografer som rettar seg mot fotografar som har naturfoto som profesjon. BioFoto utgjev fire gonger i året bladet Naturfotografen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samskipnaden vart oppretta i 1979, og hadde som målsetting å bli eit fagleg og sosialt forum for naturfoto-interesserte. Organisasjonen sprang ut frå studentmiljøet rundt Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab, Museet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]