BioShock 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BioShock 2
Utviklar(ar)2K Marin
Utgjevar(ar)2K Games
DistributørTake-Two Interactive, Steam, Humble Store, PlayStation Store, PlayStation Now, Microsoft Store
Design(ar)Zak McClendon
ForfattarJordan Thomas
Komponist(ar)Garry Schyman
SerieBioShock
SpelmotorUnreal Engine 2.5, Havok
Plattform(er)* Microsoft Windows
Utgjeving9. februar 2010
SjangerFyrstepersons skytespel
SpelemodusEnkeltspelar, multiplayer
Aldersgrense18+
Nettstadhttp://www.bioshock2game.com/
Del av serien BioShock⠀
←BioShock  · BioShock Infinite→

BioShock 2 er eit fyrstepersonsskytespel utvikla av 2K Marin og utgjeve av 2K Games. Det vart utgjeve over heile verda til Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360 den 9. februar 2010 og er oppfylgjaren til spelet BioShock frå 2007. Feral Interactive gav ut ein OS X-versjon av spelet den 30. mars 2012 . Spelet går føre seg i den fiktive dystopiske undervatnsbyen Rapture, åtte år etter historia i det fyrste spelet. Spelaren speler Subject Delta, som er ein Big Daddy, eit plasmid-forbetra menneske som er kirurgisk bunde inn i ein diger dykkardrakt. Spelarar må kjempa seg gjennom nivå med splicers, den psykotiske befolkninga i byen, ved hjelp av våpen og ei rekkje genetiske modifikasjonar og evner. Spelet har òg eit eige historiedrevet multiplayer-modus kalla Fall of Rapture, som finn stad under Rapture sin borgarkrig i 1959, før hendingane i det første spelet.

BioShock 2 vart hovudsakleg utvikla av 2K Marin, men også 2K Australia, Arkane Studios, Digital Extremes og 2K Boston med serieskaparen Ken Levine sine innspel. Handlinga i spelet gjekk gjennom store endringar under utviklinga av spelet. Komponisten til det fyrste spelet, Garry Schyman, skapte også musikken til BioShock 2.

Spelet fekk gode omtalar ved lansering, og blei spesielt rost for forteljinga, kunststilen, karakterane, slutten og speloppsettet. Det fekk også kritikk for å ha ein treig start og for å vera for likt det fyrste spelet.

Det blei gjeve ut ein ny einspelarkampanje, Minerva's Den, i august 2010. Spelet selde alt i alt meir enn 3 million eksemplar, men oppfylte ikkje Take-Two Interactive sine salsforventingar. Ein forbetra versjon av spelet vart gjeven ut til Microsoft Windows, PlayStation 4 og Xbox One den 13. september 2016, som ein del av BioShock: The Collection.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]