Biologisk kontroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Biologisk kontroll er eit vis å halde nede skadedyr og -skadevekstar i jordbruket. Han baserer seg på predasjon, parasittisme, sjukdom eller liknande naturlege prosessar for å redusera eller kontrollera bestandar av skadeorganismar.

Biologisk kontroll står til skilnad frå kjemisk kontroll ved at han ikkje nyttar giftige kjemikaliar. Ved somme høve har det likevel gått ut over biologisk mangfald, gjennom at framande artar har vorte innført.

I Noreg vert biologisk kontroll hovudsakleg gjort i liten skala, særleg i drivhus.

Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.