Biosfære
Biosfære er heilskapen av alle økosystema på jorda og omfattar alle levande organismar. Det finst liv i og på jordsmonnet, vatnet, isen og lufta, derfor omfattar biosfæren delar av litosfæren, hydrosfæren og nedre delar av atmosfæren. Dei fleste levande organismar finst nær jordoverflata eller i dei øvste delane av vassmassane. Tradisjonelt blir biosfæren rekna frå botnen av hava til dei høgaste fjelltoppane, eit lag med ei gjennomsnittleg tjukne på rundt 20 kilometer. Utbreiinga til biosfæren i forhold til heile jordkloten kan ein samanlikna med tjukkleiken til skalet på eit eple. Dei fleste organismar lever dessutan innanfor ein brøkdel av biosfæren, omtrent frå 500 meter under havoverflata til 6 kilometer over havet.
I praksis er biosfæren eit lukka system med omsyn til materie, det vil seia at jorda verken mister eller får materie frå verdsrommet av noka tyding. Næringsstoff som vatn, karbon, nitrogen og fosfor går i krinsløp kalla biogeokjemiske syklusar. Når det gjeld energi, er biosfæren eit ope system, der fotosyntese omskaper solenergi til næringsstoff for plantar og andre organismar. Når ein organisme et ein annan blir overført kjemisk energi lagra i biomasse, frå eitt nivå i næringskjeda til det neste, til dømes ved at ein plante blir eten av ein hare, som igjen blir eten av ein rev. Berre ein liten del av den tilgjengelege energien blir overført til neste nivå, vanlegvis omtrent 10 %. Energi blir då overført til andre former, som termisk energi, samtidig som ny energi kontinuerleg blir tilført frå sola.
Biosfæren kan delast inn i ulike nivå. Det øvste nivået er biomane, som har eit bestemt klima, og er prega av organismar som er unike for området, i fyrste rekkje vegetasjon. Biomane er delte opp i økosystem, som er samfunn av organismar som samhandlar med kvarandre og med miljøet. Det tredje nivået er populasjonar, som består av fleire individ av same art i eit gitt område. Talet på ulike artar er estimerte til 8,7 millionar, og dei langt fleste er insekt og mikroorganismar. Alle organismar har det til felles at dei formeirar seg i ein prosses som nytter DNA.
Temperatur er den mest avgjerande faktoren for utbreiinga av organismar på jorda fordi ho avgjer den fysiske tilstanden til vatnet. Dei fleste organismar toler ikkje temperaturar lågare enn 0 °C, eller høgare enn 45 °C, over særleg lang tid. Andre viktige faktorar som set grenser for levande organismar er fukt, saltinnhald, pH-verdi, vasstrøyming, trykket til atmosfæren og hydrostatisk trykk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Biosfære» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2025.