Birds av Anouk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Birds)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Birds»
Singel av Anouk
Land Nederland
Språk Engelsk
Utgjeve 11. mars 2013
Sjanger Progressiv rock
Lengd 3:23
Selskap Goldilox
Låtskrivar(ar) Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe
Produsent Thomas Stengaard

«Birds» (engelsk for Fuglar) var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Anouk. Songen er skriven av Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Birds»
Eurovision Song Contest 2013
Land Nederland
Artist(ar) Anouk
Språk Engelsk
Komponist(ar) Tore Johansson og Martin Gjerstad
Låtskrivar(ar) Anouk Teeuwe
Resultat
Nederland i Eurovision Song Contest
«You and Me»
(2012)
«Birds»

17. oktober 2012 valte Televisie Radio Omroep Stichting (TROS) Anouk internt som representant for Nederland i Eurovision Song Contest 2013.[1] Anouk valte sjølv «Birds» og presenterte songen på ei pressekonferanse 11. mars 2013.[2] Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Nederland vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anouk to represent the Netherlands in 2013» (engelsk). Eurovision.tv. 17. oktober 2012. Henta 23. mars 2013. 
  2. «Today: Netherlands Song Presentation at 10:00 CET, listen online» (engelsk). ESCToday. 11. mars 2013. Henta 23. mars 2013.