Birger Berthils

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Berthils
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. august 1891
Brønnøy kommune
Død

10. august 1967 (76 år)
Sømna kommune

Yrke kunstmålar

Birger Berthils (10. august 18911967) var ein norsk kunstmålar, født på eit småbruk i grenda Trælnes i Brønnøy med foreldra Emilie og Markus Bertelsen. Attåt småbruket arbeidde faren som snikkar og treskjerar.

Birger Bertelsen gjekk til sjøs som 18-åring, eit arbeidd han hadde til utpå 1920-talet, avbrote av periodevis arbeid som målar på eit skipsverft i Grenlandsområdet. Sidan fekk han arbeid som bilethoggar for restaureringsarbeidet med Nidarosdomen. Fem år på rad fekk han skulpturar med på Haustutstillinga i Oslo. Då han i 1925 var kommen heim til Trælnes, hadde han skapt seg eit namn innan kunsten. Mest kjend vart han som kunstmålar, med vekt på landskapsmåling, spesielt kystmotiv. Han er rekna som ein meister i å fange det det særeigne nattlyset frå Helgelandssommaren, slik naturen får farge ved jonsoktider like sør for området med midnattssol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rolf Tidemann: «Om billedhoggeren og kunstmaleren Birger Berthils fra Trælnes i Brønnøy», i Årbok for Helgeland 2005