Birger Breivik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Breivik
Fødd26. oktober 1912
Fyresdal
Død28. juni 1996 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Birger Breivik (26. oktober 191228. juni 1996) var ein skulemann, organisasjonsleiar og politikar frå Fyresdal i Telemark. Han var stortingsrepresentant 1958-61 for Kristeleg Folkeparti og Aust-Agder.

Far hans var landhandlar på Folkestad i Fyresdal. Sjølv vart Breivik student i 1937 og tok i 1940 eksamen ved Norges Handelshøgskole. Han underviste ved Fjellhaug ungdomsskole i Oslo 1933-37 og på ny 1940-45, den siste femårsbolken var han lærar også ved Oslo Handelsgymnasium. I 1945 fekk han styrar-stillinga ved Drottningborg Handelsskole i dåverande Fjære kommune i Aust-Agder, ein jobb han hadde til 1965.

Breivik var aktiv misjonsmann. Såleis sat han 1958-73 i hovudstyret for Norsk Luthersk Misjonssamband. Frå 1965 han arbeidde han i den daglege leiinga for misjonssambandet i Oslo, generalsekretær 1970-82. I tida 1971-82 var han også styremedlem i Norsk misjonsråd.

Breivik engasjerte seg i politikken for Kristeleg Folkeparti. Tingperioden 1958-61 representerte han partiet og Aust-Agder på Stortinget. På Tinget var han medlem i Justiskomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1965. Frå 1961 til -67 var han varaformann Kristeleg i Folkeparti, sidan 1967 landsstyremedlem i fire år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]