Birger Grinde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Grinde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1908
Død

23. august 1998 (89 år)

Yrke flygar

Birger Grinde (7. september 190823. august 1998) var ein norsk flygar og lufttrafikkinspektør i Luftfartsdirektoratet.

Grinde vart utdanna som flygar ved Marinens Flyveskole og fekk «Flygervingen» i 1931.[1] Han vart tilsett i DNL i 1937 og flaug innanlands med Junkers Ju 52 i åra før andre verdskrigen.[2]

Hausten 1939 vart han beordra som nestkommanderande ved Marinens flyavdeling på Skattøra og deltok i kampane ved Narvik i 1940, før han måtte overlevera Skattøra flystasjon til tyskarane.[2] Etter at kampane i Noreg var over kom han seg først over til Sverige, og sidan til England. Under krigen var han først instruktør i Little Norway. Frå 1942 var han knytt til 333. skvadron i Storbritannia og flaug mellom anna Catalina. Etter krigen vart han tilsett som lufttrafikkinspektør i Luftfartsdirektoratet. Grinde var norsk rådsrepresentant ved Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) i periodane 1953-56 og 1971-74. Han gjekk av med pensjon frå stillinga som lufttrafikksjef i Luftfartsverket hausten 1978.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marinens flygevåpen 1912-1944. Hafsten, Bjørn/Arnheim, Tom. Side 278
  2. 2,0 2,1 2,2 Knut Løvstuhagen (29. september 1978). «Lufttrafikksjef Birger Grinde: La Braathens SAFE og SAS konkurrere». Aftenposten: 5.