Birger Kildal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birger Kildal
Birger Kildal - Oslo Museum - OB.X1685.jpg
Fødd 15. april 1849
Oslo
Død

13. desember 1913

Yrke politikar
Birger Kildal på Commons

Birger Kildal (15. april 184913. desember 1913) var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd. Daniel og Mikael Kildal var farbrørne hans.

Kildal var son til ein kjøpmann og næringsdrivar i Christiania. Han vart student frå Nissens skole i 1866 og tok juridisk embetseksamen i 1871. 1871-72 var han sakførar i Hammerfest, før han gjekk over i næringslivet og var medeigar i faren sine mange verksemder, mellom anna Lilleborg Fabrikker.

Kildal hadde fleire statsrådspostar i Johan Sverdrups Venstre-regjering frå 1884 (Revisjonsdepartementet, Postdepartementet, Arbeidsdepartementet, og statsrådsavdelinga i Stockholm). Saman med Hans Rasmus Astrup (1831-1898) og Sofus Arctander gjekk han 17. februar 1888 ut av regjeringa grunna usemje med statsministeren vedkomande ei ny kyrkjelov.

I 1888 vart han oppfordra om å stille til val til Stortinget frå byane i Oppland, dette vart ikkje av då Kildal var mot allmenn røysterett. Han hadde i dei komande åra mange offentlege verv, mellom dei formann i handelsstandens fellesforening og i 'Oplysningskontoret for Norges næringsveie', samt styreformann i begge forsikringstiltaka Storebrand og Idun. Han var også med i fleire lovkommisjonar; formann i tollkommisjonen og medlem av sivilprosesskommisjonen av 1890.

Kildal var seinare statsråd i to regjeringar. Han var finansminister frå 1895 til 1898 i ei regjering leia av Johannes Steen, og på ny frå 1903 til 1905. I den siste perioden var han også ansvarleg for Revisjonsdepartementet. 1903-04 var han elles eit halvt år i Stockholm. Den sistnemnde regjeringa vart leia av Francis Hagerup.

Ved stortingsvalet i 1903 vart Kildal vald til tredje representant på Stortinget frå Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han representerte då Samlingspartiet. I tida etter han gjekk av som statsråd, var han 1905-06 medlem av budsjettkomiteen, heilt på slutten av sesjonen var han formann i same komite.

År 1906 vart Kildal utnemnd til amtmann i Romsdals amt, dette embetet hadde han til han døydde. Kommunikasjonar stod sentralt i arbeidet hans der, mellom anna forbetring av vegstandarden og utbygging av jarnbanenettet gjennom Raumabanen. Vedtak om bygging av Raumabanen vart gjort i 1908.

Han døydde i Molde i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]