Birger Ljungberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Ljungberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1884
Kråkerøy
Død

20. april 1967 (82 år)
Fredrikstad

Yrke politikar, offiser
Politisk parti Høgre
Birger Ljungberg på Commons

Birger Ljungberg (7. juni 188420. april 1967) var ein norsk offiser og politikar frå Kråkerøy. Han var forsvarsminister i Nygaardsvold-regjeringa 1939-41.

Ljungberg var son til ein bruksstyrar. Han tok eksamenar ved krigsskulen i 1906 og den militære høgskulen i 1909, og var frå 1906 premierløytnant i 1. Akershusiske Brigade. I 1910 var han adjutant ved Smålenenes linjebataljon. Årå 1911 og -12 var han i Sør-Amerika. Frå 1916 til -17 var han kaptein og regimentsadjutant i Telemarken Infanteriregiment nr 3. Han var så sjef for 2. jegerkompani frå 1919 til 1930. Deretter var han kompanisjef og sjef for krigsskulen til 1932, medan han i åra 1931-37 gjorde teneste i generalstaben. Frå 24. desember 1937 var han sjef for Østfold Infanteriregiment nr 1 og kommandant i Fredrikstad, med grad av oberst.

Den 22. desember 1939 vart Ljungberg, medlem av av partiet Høgre, forsvarsminister i Johan Nygaardsvold si regjering. Utnemninga var eit svar på kritikk frå offisershald. Ljungberg var såleis ansvarleg statsråd då Nazi-Tyskland angreip Noreg i april 1940. Hans gjerning i tida rundt angrepet vart kritisert av Undersøkelseskommisjonen av 1945. Særleg vart han kritisert for at mobiliseringsordren 9. april var så uklar. Han fylgde i juni 1940 regjeringa til Storbritannia. Ljungberg var permittert frå statsrådet frå november 1941, og endeleg avsett 20. mars 1942.

I 1942 Ljungberg utnemnd til generalmajor og representerte det neste året det norske forsvarsdepartementet i USA. Sidan var han militærattache i Canada 1943-44 og i USA 1944-45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]