Birger Marsteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Marsteen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1934 (90 år)
Idrett friidrett

Birger Andreas Marsteen (fødd 8. mars 1934) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Strinda i Sør-Trøndelag. Perioden 1952-61 vann han 6 gullmedaljar og i alt 18 medaljar på sprintdistansane 100 meter, 200 m og 400 m. Marsteen var medlem i Sportsklubben Rapp til 1960, sidan i Freidig.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Marsteen, som var son til ein seglmakar, vart andremann på både 100 m og 200 m under NM i friidrett 1952. Dei neste tre åra vart han dobbeltmeister på same to distansane ved noregsmeisterskapen i høvesvis Trondheim, Sarpsborg og Oslo. Frå 1956 til 1961 vann Marsteen årleg ein eller to NM-medaljar, anten sølv eller bronse. Desse sesongane vart han stilt i skuggen av tidleg avdøde Bjørn Nilsen og deretter Carl Fredrik Bunæs.

Sommaren 1956 sette Marsteen personleg rekord på 200 meter med 21,5 sekund i eit internasjonalt stemne på Bislett stadion den 30. juli. Bjørn Nilsen sette i same løpet norsk rekord på distansen med tida 21,3. Tre veker seinare gjorde Marsteen personbeste på 100 meter under NM i friidrett 1956 i Stavanger. Tida 10,6 sekund heldt til sølvmedalje, for atter sprang Bjørn Nilsen fortast. Marsteens personbeste 400 meter kom i eit internasjonalt stemne på Bislett stadion i september 1958, tida 48,1 sekund heldt til tredjeplass i løpet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]