Birgit Gjernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birgit Gjernes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mai 1922
Sauherad kommune Sjå dette på Wikidata
Død

21. januar 2018 (95 år)
Asker Sjå dette på Wikidata

Yrke skribent, kulturjournalist
Ektefelle Lennart Nordløf Knudsen Sjå dette på Wikidata

Birgit Halvorsdotter Gjernes (18. mai 192221. januar 2018) var ein norsk journalist og programskapar i radio og fjernsyn, fødd i Nesherad i Telemark. Ho arbeidde nesten 40 år i Norsk Rikskringkasting, der ho laga mange kulturprogram.

Gjernes tok examen artium ved Grimeland skole i Oslo. Etter songstudiar ved Musikkonservatoriet i Oslo studerte ho filologi ved Universitetet i Oslo, vart cand.philol. i 1950 med tysk hovudfag.

I 1951 vart Gjernes tilsett i NRK som programsekretær, arbeidde i Utanlandssendinga. Frå 1959 var Opplysningavdelinga i radioen arbeidsplassen hennar. Her sysla ho mykje med kulturstoff, særleg litteratur og teater. Gjennom åra var ho knytt til mange programseriar i NRK; så som Ønskediktet, Ord i dag, Møte med menneske, Bokkvelden, Teatermagasinet, I rampelyset og Ekko. Ho hadde også ansvaret for ei rad TV-program. Frå 1978 til 1990 var ho redaksjonssjef i kulturavdelinga i P1. I NRK nytta ho både nynorsk og bokmål.

Gjernes skreiv Marie Hamsun – et tidsbilde og redigerte verk om lyrikaren Aslaug Vaa og om lyrikk. Ho omsette fleire bøker og teaterstykke frå tysk, engelsk og svensk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]