Birgit Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birgit Nissen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juni 1899
Død

29. april 1945 (45 år)

Yrke journalist, politikar, lyrikar, skribent
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Mor Dina Nissen
Ravensbrückfangar som ventar på transport heim med Dei kvite bussane. Illustrasjonsfoto: Sveriges Røde Kors.

Birgit Christine Nissen (1. juni 189929. april 1945) var ein norsk journalist, lyrikar, arbeidarpartipolitikar, organisasjonsaktivist, motstandskvinne og konsentrasjonsleirfange i Ravensbrück og lyrikar.[1][2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Birgit Nissen var dotter av meteorologen og forfattaren Peter Sylvius Nissen og skodespelaren Dina Nissen, vaks opp i Bærum og budde på Voll.[3] Ho tok examen artium ved Nissen skule i 1919, og studerte ved University of Pittsburgh 1928–29.[1][4]

Som journalist arbeidde Birgit Nissen i Norges Kvinner 1920–29 og deretter i fråhaldsavisa Folket. Etter 1933 var ho «fri journalist i arbeiderpressen»,[2] og markerte seg «med skarp penn mot den gryende fascismen».[5] Ho arbeidde også i organisasjonstidsskrift som Hjemmene's vels blad, Arbeideren og Tidsskrift for alkoholfri kultur.

Ein periode var Birgit Nissen sekretær for Gustav Vigeland, og katalogiserte arbeidet hans.[1][4] Ho tileigna diktet Troyaborgens fremtidssagn til Vigeland.[6] Eit annet av Nissens dikt er tileigna Olaf Kullmann, offiseren som på 1930-talet markerte seg i offentlegheita som pasifist, danna Folkereisning mot krig i 1937 og døydde i Sachsenhausen i 1941. Nissen sitt dikt dedisert til Kullmann ber tittelen «Skitur».[7]

Frå 1937 arbeidde Nissen som lærar i norsk og korrespondanse ved Bærum yrkesskole.[8] Ho var medlem av Bærum kommunestyre frå 1938.[9][10]

Nissen var styremedlem i Norges fredsforening i 1928,[11] heldt eit kurs i regi av Norsk Kvinnesaksforening i 1932,[12] og var varamedlem til styret i kvinnesekreteriatet til Arbeidarpartiet i 1939.[13]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Birgit Nissen blei arrestert for «tyskfiendtleg verksemd», det vil seie illegale aviser, fyrste gong i oktober 1942 og sat i Bredtveit fengsel. Ho blei lauslaten 20. oktober 1942, men arrestert for andre gong den 1. juni 1943. Ho blei overført frå Bredtveit til Grini fangeleir 6. juni og blei send vidare til konsentrasjonsleiren Ravensbrück 6. oktober 1943.[14][15] På veg heim frå Ravensbrück med Dei kvite bussane var ho smitta med flekktyfus; ho blei innlagt på Helsingborg epidemisjukehus då ho kom til Sverige, og døydde der etter fire dagar.[16]

Diktsamlinga Dikt kom ut posthumt på Aschehoug i 1949.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Studentene fra 1919: biografiske opplysninger m.v. samlet til 30-års jubileet 1949. 1950. s. 186. 
  2. 2,0 2,1 Pressefolk: biografiske oplysninger om Norsk presseforbunds medlemmer 1938. Norsk presseforbund. 1939. s. 45. 
  3. M. Haave: Kvinner og veinavn; budstikka.no, 22.9.2015
  4. 4,0 4,1 Kvaale, Reidun (1986). Kvinner i norsk presse gjennom 150 år. Gyldendal. s. 178–182. ISBN 8205167214. 
  5. Ottosen, Rune (1950-) (1996). Fra fjærpenn til Internett: journalister i organisasjon og samfunn. I samarbeid med Norsk journalistlag. s. 107. ISBN 8203261280. 
  6. Nissen, Birgit (1949). Dikt. Aschehoug. s. 82–85. 
  7. Nissen, Birgit (1949). «Skitur». Dikt. Aschehoug. s. 68–69. 
  8. Bærum yrkesskole 60-år 1937-1997: "landets første yrkesskole utenom byene". Rud videregående skole 25 år 1972-1997 : "den største skolen i Akershus". Rud videregående skole. 1998. s. 21. 
  9. Koht, Halvdan (1873-1965) (1952). Bærum arbeiderparti 1902-1952. Bærum arbeiderparti. s. 95. 
  10. Christensen, Trygve (1995). Bærum og krigen: 1940-1945. Bærum bibliotek. s. 144. ISBN 8299171350. 
  11. Bonnevie, Carl (1881-1972) (1928). Fredssak og avrustning. 
  12. Norsk kvinnesaksforening gjennom 65 år: 1884-1949. Foreningen. 1950. s. 9. 
  13. Syvertsen, Sigrid (1960). Kvinner i strid: historien om Arbeiderpartiets kvinnebevegelse. Arbeidernes opplysningsforbund. s. 225. 
  14. Norsk fangeleksikon: Grinifangene. Cappelen. 1946. s. 286; nr 7947. 
  15. Ottosen, Kristian (1995). Historien om nordmenn i tysk fangenskap 1940-45. Aschehoug. s. 115, 337. ISBN 8203260780. 
  16. Lund, Sigrid Helliesen (1981). Alltid underveis. Tiden. s. 126. ISBN 8210021265. 
  17. Nissen, Birgit (1949). Dikt. Aschehoug. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]