Birgitta Sondresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birgitta Sondresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1964
Død

2. desember 2014 (50 år)
Bergen

Yrke illustratør

Birgitta Sondresen (16. april 19642. desember 2014)[1] var ein norsk biletkunstnar, illustratør og forfattar. Ho kom opphavleg frå Sandnes men var busett i Bergen.

Sondresen var utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen med hovudfag frå 1997 ved Institutt for Grafisk design og Illustrasjon.

Ho døydde 2. desember 2014, berre 50 år gamal.

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Birgitta Sondresen gav ut fleire bøker, både biletbøker der hennar eigne illustrasjonar er den viktigaste delen av innhaldet, men bidrog også med illustrasjonar til andre sine bøker. Ho debuterte i 1997 med biletboka Svinepelsens hevnEide forlag. Utgjevinga som kanskje har tydd mest for henne er Frosken Vertigo og det store spranget i 1999 på Eide forlag. Teksten til denne boka er skriven av medforfattar Frode Grytten. Ved sida av Grytten samarbeidd Sondresen også med Gro Anita Bårdseth og Jan Ove Ulstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Minneord». Bergens tidene. 10. desember 2014. s. 49. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]