Birgitte Kjos Fonn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgitte Kjos Fonn
Fødd 7. januar 1961 (61 år)
Yrke forfattar, skribent

Birgitte Kjos Fonn (fødd 7. januar 1961) er ein norsk journalist, historikar og forfattar fødd i Oslo.

Fonn er professor ved Institutt for journalistikk og mediefag (IJM) ved Oslomet – storbyuniversitetet, og fagansvarleg for sakprosalinja ved IJMs mastergrad.[1] Fonn er redaktør for det fagfellevurderte tidsskriftet Mediehistorisk Tidsskrift.[2]

Fonn er dr.philos. i historie og cand.polit. i sosiologi frå Universitetet i Oslo, og har mastergrad (MSc) i «The Politics of the World Economy» (politisk økonomi, ei grein av statsvitskap) frå London School of Economics.[3] Ho har òg skrive fleire skjønnlitterære bøker.[3] Fonn arbeidde tidlegare som utanriksjournalist og har òg vore redaktør for tidsskriftet Internasjonal politikk.[4][5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Media Health. The Personal in Public Stories. Universitetsforlaget 2020 (red. med Nathalie Hyde-Clarke, Harald Hornmoen og Yngve Benestad Hågvar). https://www.universitetsforlaget.no/media-health. Sakprosa
  • Journalistikk, profesjon og endring (red. sammen med Paul Bjerke og Birgit Røe Mathisen). Orkana Akademisk forlag (2019). Sakprosa
  • Putting a Face on it. Individual Exposure and Subjectivity in Journalism (red. med Nathalie Hyde-Clarke, Harald Hornmoen og Yngve Benestad Hågvar). Cappelen Damm Akademisk (2017). Sakprosa
  • Økonomijournalistikk. Perspektiver og metoder (red. sammen med Paul Bjerke og Espen Sørmo Strømme), Fagbokforlaget (2016). Sakprosa
  • 50 år med journalistutdanning. En historie om akademiseringen av et yrkesfag. Cappelen Damm Akademisk (2015). Sakprosa
  • Orientering. Rebellenes avis. Pax (2011). Sakprosa
  • Mons og Biff passer presidentens kuer. Schibsted (2009). Barnebok
  • Mons og Biff mot stjernehimmelen. Schibsted (2009). Barnebok
  • Norsk utenrikspolitisk praksis. Aktører og prosesser (red. sammen med Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending). Cappelen Akademisk (2006). Sakprosa
  • Mons og Biff – pølseangrepet. (2005). Barnebok
  • Med verden som bakteppe. Historien om Gründertiden ved NUPI 1959-1969 (sammen med Vebjørn Elvebakk). NUPI (2003). Sakprosa
  • Trollkyss, Cappelen (2000). Ungdomsroman

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Birgitte Kjos Fonn, OsloMets nettsider
  2. «Mediehistorisk Tidsskrift», Mediehistorisk Tidsskrift (på engelsk), henta 15. november 2021 
  3. 3,0 3,1 Sentrum, Cappelendamm | Postadresse: Postboks 1900. «Birgitte Kjos Fonn» (på norsk). Henta 4. februar 2020. 
  4. «Barnebok-moro med journalister» (på norsk). 16. desember 2005. Henta 4. februar 2020. 
  5. «Birgitte Kjos Fonn ny redaktør» (på engelsk). 13. september 2016. Henta 4. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]