Birgitte Sættem
Birgitte Sættem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. juli 1978 (46 år) Molde kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2000 |
Herdis Birgitte Sættem (fødd 9. juli 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Molde som i tida 1999-2002 vann VM-gull, EM-sølv og OL-bronse. Rykkrom-spelaren vann 11 store meisterskap med Larvik HK.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Sættem slo gjennom som 21-åring då ho var med på det norske laget som vann gull under handball-VM 1999 på heimebane. Med ei småskadd Kjersti Grini på benken i innleiinga av meisterskapen, tok Sættem ansvar og varta opp med framifrå spel. Året etter var ho delaktig då Noreg sikra ein bronsemedalje under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho var også med på laget som tok sølv i handball-EM 2002 i Danmark.
Fram til 1998 var Sættem aktiv handballspelar i Sportsklubben Rival i Molde. Deretter spelte ho på Larvik HK til ho la opp i 2006, siste sesongane var ho plaga med skadar. Gjennom dei åtte åra i Larvik var ho med å vinne fem seriemeistertitlar og like mange noregsmeisterskap, og cupvinnarcupen 2005.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike
- OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
- EM 2000: Nr 6 med Noreg
- EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Sættem er gift med handballspelaren Geir Jomaas og har tre barn.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Birgitte Sættem» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2016.
- ↑ «Gamle stjerner holdt ikke helt til gull», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 22. juni 2014, henta 21. april 2025