Hopp til innhald

Birjusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birjusa
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 55 800 km²
Lengd 1 012 km
Munning Tasejeva
Kart
Birjusa
53°51′56″N 97°25′35″E / 53.865673°N 97.426461°E / 53.865673; 97.426461
Wikimedia Commons: Biryusa River

Birjusa (russisk Бирюса) er ei elv i Irkutsk oblast i Russland og ei av kjeldeelvane til Tasejeva i nedslagsfeltet til Angara. Elva er 1012 km lang og har eit nedslagsfelt på 55 800 km².

Elva har utspringet sitt lengst sørvest i Irkutsk oblast, om lag 2500 meter over havet, på nordsida av Sajanfjella. Frå kjelda renn ho nordover Det sentralsibirske platået. Ho passerer Den transsibirske jarnvegen og byane Birjusinsk og Tajsjet. Så snur Birjusa mot nordvest til ho renn saman med Tsjuna og dannar elva Tasejeva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]