Birkebeinerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birkebeinerne
RegiNils Gaup
Produsent(ar)Finn Gjerdrum, Stein B. Kvae
ManusRavn Lanesskog
MedverkandeJakob Oftebro, Kristoffer Hivju, Pål Sverre Vallheim Haugen, Torbjørn Harr, Benjamin Helstad, Stig Henrik Hoff, Nikolaj Lie Kaas, Ane Ulmoen Øverli, Thea Sofie Loch Næss
MusikkGaute Storaas Sjå dette på Wikidata
SjeffotografPeter Mokrosiński Sjå dette på Wikidata
DistributørMagnolia Pictures, ADS Service Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato12. februar 2016
Lengd95 min. min.
OpphavslandNoreg
SpråkNorsk
Budsjett51 millionar kr

Birkebeinerne er ein norsk historisk dramafilm frå 2016. Filmen var regissert av Nils Gaup og skriven av Ravn Lanesskog. Hovudrollene vert spelte av Jakob Oftebro, Kristofer Hivju, Pål Sverre Valheim Hagen, Benjamin Helstad, Thorbjørn Harr, Stig Henrik Hoff og Nikolaj Lie Kaas. Filmen er basert på den verkelege historia om birkebeinarane sin innsats for å redde kongsonen Håkon Håkonsson i borgarkrigen mellom dei to gruppene baglerane og birkebeinarane i 1206.

Filmen hadde kinopremiere i Noreg 12. februar 2016. Rettane til filmen blei selde til ca. 60 land.

Handlinga[endre | endre wikiteksten]

Året er 1204 og Noreg vert herja av borgarkrig. På den eine sidan står dei fattige birkebeinarane, og på den andre sida står baglarane, som er støtta av danskane og den rike pavekyrkja. Når birkebeinarkongen Håkon Sverresson døyr på uforklarleg vis, trur heile kongeriket at blodslinja i kongsætta er blitt broten, at det ikkje finst nokon ny arving. Rett før han døyr avslører kongen at han har ein uekte son, som må bli den neste kongen.

Baglarane får høyre om kongesonen, og no er den viktigaste oppgåva til birkebeinarane å halde guten i live. Med baglarane jagande rett bak, må dei to birkebeinarane Skjervald og Torstein frakte guten til Nidaros i tryggleik. Dette er starten på ei livsfarleg og dramatisk flukt på ski over fjellet. Ein tur som vil endre Noregs historie for alltid. 

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Filmen vart regissert og spelt inn i hovudsak på Ringsaker. Filmen hadde som mål å oppnå ein sterk filmturisme i området.[1]

Historisk korrekt?[endre | endre wikiteksten]

Filmen viser sanninga om den brutale borgarkrigen i Noreg på 1200-talet, mellom dei to rivalene birkebeinarane og baglarane. Samstundes kan ein stille seg kritisk til kampstilen, og ifølgje journalist Odd Hostad er det mange detaljer som er utelatt. Han hevdar også at bodskapen forsvinn i dei dominerande actionscenene, noko som gjer han mindre realistisk. Han klagar også på kampstilen, og seie at settingen ikkje samspelar heilt med røynda.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Birkebeinerne hadde premiere på kino 12. februar 2016 i Noreg[3], og filmen vart utgjeve på Blu-Ray og DVD 6. juni 2016.[4] I USA ble filmen, The Last King, utgjeve 17. juni 2016.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

NRK Filmpolitiet gav filmen terningkast 4, og skreiv at “Det blir kanskje ikke pustet nok liv inn i alle figurene, og selv heltene får litt for lite spillerom, men filmen lever godt når den utvikler seg til å bli noe vi nordmenn er i overkant opptatte av, nemlig et viktig og spennende skiløp!”[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mette Finborud Børresen. «"Vil skape filmturisme av birkebeinere"». NRK. Henta 19.12.2017. 
  2. Odd Hostad. «"Birkebeinere med dårlig glid"». Romsdalen budstikke. 
  3. «Filmweb: Birkebeinerne». 
  4. «CDON: Birkebeinerne». 
  5. Birger Vestmo. «Birkebeinerne». NRK P3. Henta 19.12.2017.