Birkeland i Åsane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birkeland
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 949  (2023)
Postnummer 5131-5132 NYBORG
Preposisjon Birkeland
Gardnummer 203

Birkeland er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 949 i 2001.[1] Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Den austlege delen av innsjøen Langavatnet ligg innanfor grensene til garden.

Frå slutten av 1980-åra kom det ein markant folkevekst i området, då det vart bygd bustadområde i den vestlege delen. Her er det bygd rekkjehus og einebustader. Her ligg også barne- og ungdomsskulen Kyrkjekrinsen skule.

Leiglendingane på garden kjøpte bruka sine frå jordeigaren i 1726. I 2006 var det framleis gardsdrift på eitt bruk, med kjøtproduksjon av storfe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 247-253

Fotnotar
  1. Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 248