Birkeland kyrkje
| Birkeland kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Fana | ||
| Sokn | Birkeland | ||
| Fellesråd | Bergen kyrkjelege fellesråd | ||
| Stad | Birkeland kyrkje | ||
| Arkitekt | Giovanni Müller | ||
| Teknikk | Mur | ||
| Material | Stein | ||
| Innvigd | 21. november 1878 | ||
| • Endringar | Restaurert 1915-16, 1924-26 og 1960-61 | ||
| Klokker | 3 | ||
| Sitjeplassar | 300 | ||
![]() Birkeland kyrkje 60°18′57″N 5°21′22″E / 60.31585306°N 5.35615111°E | |||
| Wikimedia Commons: Birkeland Kirke | |||
Birkeland kyrkje er ei langkyrkje frå 1878 på Nesttun i Fana i Bergen.

Historie
[endre | endre wikiteksten]I middelalderen låg det ei stavkyrkje på same plassen. Kyrkja er fyrste gong nemna i skriftlege kjelder frå 1329. Mellomalderkyrkjar vart reven og ein ny tømmerkyrkje vart bygd ein gong før 1642. Denne kyrkja kom i privat eige i 1724 då ho vart kjøpt opp av kyrkjeverjene Arne Olsen Øvre Totland og Lars Olsen Øvre Birkeland.[1] I 1839 overtok soknet kyrkja. Tømmerkyrkja vart riven før den nye steinkyrkja vart oppført etter teikningar av arkitekt Giovanni Müller. Kyrkja vart vigsla 21. november 1878 og har 400 sitjeplassar.[1] Kyrkja har tre klokker frå høvesvis 1637, 1665 og 1937.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altertavla i kyrkja er eit oljemåleri signert Anders Askevold i 1879 og synear Jesus svevande. Bilete er ein replika av eit altertavlemåleri i Kaupanger stavkyrkje, målt av Askevold i Paris i 1865.
Kyrkja har teke vare på ei rekkje eldre skattar: Ein apostelfigur frå 1400-talet, eit krusifiks frå 1500-talet, dåpsfat og ljosestake frå 1600-talet, brudebenk frå 1669, ljosarm frå 1708, disk frå rundt 1720, ljosekrone frå 1735, alterkalk frå 1848, messehagel frå 1866 og oblatgjemme og to alterstakar frå 1878.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Birkeland kirke». Bergen byleksikon.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hans-Emil Lidén. Birkeland kirke i Norges Kirker, NIKU og KA
- Birkeland kirke Kirkesøk
