Hopp til innhald

Birkenhead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birkenhead
by
Land  England
Region Merseyside
Distrikt Wirral
Areal 25,18 km²
Folketal 109 848 (2021)[1]
Postnummer CH41,CH42,CH43,CH49
Retningsnummer 0151
Kart
Birkenhead
53°23′00″N 3°01′00″W / 53.383333333333°N 3.0166666666667°W / 53.383333333333; -3.0166666666667
Wikimedia Commons: Birkenhead

Birkenhead er ein by i Merseyside i England. Han ligg på Wirral-halvøya, langs vestberidda av elva Mersey, vis-a-vis byen Liverpool. Byen har i overkant av 110 000 innbyggjarar. Historisk har byen vore ein del av Cheshire. Birkenhead er kanskje best kjent som eit senter for skipsbygging, som ein hamneby med industriar relatert til dette.

Namnet Birkenhead kjem moglegvis frå det gammalengelske bircen som tyder bjørk, som det ein gong voks mange av på neset som stakk ut i elva ved Woodside. Andre hevdar likevel at namnet kjem av elva Birket som munnar ut her.

Det tidlegare rådhuset i Birkenhead, i dag Wirral Museum, i Hamilton Square.
Foto: Peter Craine

Dei tidlegaste skriftlege kjeldene viser at ferja over Mersey kom i gang frå Birkenhead i 1150 då benediktinarmunkar under leiing av Hamon de Mascy bygde eit kloster der. På grunn av den fysiske barrieren som låg i elva Mersey var Birkenhead avskoren frå den industrielle revolusjonen i Liverpool, og byen heldt jordbruksstatusen sin fram til dampferjer vart sett i drift i 1820.

Skipsbygginga starta i 1829. Eit jernverk vart opphavleg etablert av William Laird i 1824 og han fekk selskap av sonen sin John Laird i 1828.

Kjende personar frå Birkenhead

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Birkenhead