Birket Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birket Israel
reservoar
Det tomme reservoaret seint på 1800-talet
Land  Dei palestinske territoria
By Jerusalem
Koordinatar 31°46′49.22″N 35°14′10.35″E / 31.7803389°N 35.2362083°E / 31.7803389; 35.2362083
Kart
Birket Israel
31°46′49″N 35°14′10″E / 31.780338888889°N 35.236208333333°E / 31.780338888889; 35.236208333333
Wikimedia Commons: Birket Israel

Birket Israel (tyder Israelbasseng) òg Birket Israil eller Birket Isra'in,[1] forkorta frå Birket Asbât Beni Israìl (tyder] Bassenget til stamma av Israels barn) var ei offentleg cisterne som låg i nordausthjørnet av Tempelhøgda i Jerusalem. Ein trur det vart bygd av roarane som eit vassreservoar, og for å verne nordmuren av Tempelhøgda. Innfødde arabarar har kalla bassenget med dette namnet sidan minst 1857.[2]

På midten av 1800-talet var det ikkje lenger i bruk som reservoar, og var delvis fylt opp av søppel og nytta som grønsakshage. I 1934 vart det fylt att og vert i dag kalla el-Ghazali-plassen. I dag vert plassen nytta til butikkar, parkeringsplass og til omlasting av søppel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Birket Israel på eit kart frå 1915.

I følgje muslim tradisjon, vart reservoaret bygd av Esekiel eller Hiskia, konge av Juda.[3] Somme arkeologar har avdekt at cisterna truleg vart bygd under Herodes-tida for å utbetre vassforsyninga i Jerusalem.[4] Andre estimat meiner at det vart bygd seinare, kring 130 evt., mellom anna fordi Josefus truleg ville ha nemnt eit så stort reservoar i skildringane si frå den tida.[5]

Det var det største reservoaret i Jerusalem, og var 109,7 meter langt og 38,4 meter breitt, med ei største djupne på 26 meter.[6] Cisterna hadde ein samla kapasitet på 120 000 kubikkmeter[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Koenen, Klaus. (2004) Bethel: Geschichte, Kult and Theologie
  2. Hackett (1857), s. 186
  3. Hanauer (2008), s. 104
  4. 4,0 4,1 Frå Pompeius til øydelegginga av Det andre tempelet
  5. Warren, Charles. Conder, Claude Reigner. The Survey of Western Palestine[daud lenkje], Committee of the Palestine Exploration Fund, London, 1884.
  6. Finkelstein, Horbury, Davies & Sturdy (1999), s. 10