Birkir Már Sævarsson
![]() | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 11. november 1984 (41 år) | ||
| Fødestad | Reykjavík på Island | ||
| Høgd | 186 cm | ||
| Posisjon | Høgreback, høgreving, venstreback. | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | KH | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2003–2008 | Valur | 67 | (2) |
| 2008–2014 | Brann | 168 | (15) |
| 2014–2017 | Hammarby IF | 84 | (3) |
| 2018–2024 | Valur | 157 | (16) |
| 2025 | Valur | 22 | (2) |
| 2026– | KH | 0 | (0) |
| Landslag | |||
| 2006 | Island U-21 | (0) | |
| 2007–2021 | Island | 103 | (3) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. februar 2026 ‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2021 | |||
Birkir Már Sævarsson (fødd 11. november 1984) er ein islandsk fotballspelar som i 2026 spela for KH.[1] Han har tidlegare spelt for det islandske landslaget.
SK Brann kjøpte han for 1,3 millionar norske kroner av Valur sommaren 2008. Han har òg etablert seg på det islandske landslaget. Sævarsson kan spele både høgreback og -kant, og vert rekna som ein rask spelar.[2] På Brann har han òg spelt noko venstreback. Onsdag 16. juli signerte Birkir Már Sævarsson kontrakten som gjorde han til Brann-spelar ut 2011. Den 23 år gamle høgrebacken kjem som Armann Björnsson frå klubben Valur. Reykjavik-klubben har vunne 20 seriemeisterskap på Island og har òg vore cupmeister ni gonger.
Sævarsson fekk debuten sin i Brann-trøya heime mot Hamkam 2. august 2008. Han har stort sett spelt fast på førstelaget til Brann i både 2009-, 2010- og 2011-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Birkir Már Sævarsson» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2010.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tidligere Eliteserie-profil (41) klar for ny klubb». Sportsbibelen. 18. februar 2026. Henta 18. februar 2026.
- ↑ «Sævarsson forventer meir spilletid». NRK. 14. august 2008. Henta 16. september 2008.
