Birmingham City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Birmingham City
Fullt namn Birmingham City
Kallenamn The Blues
Grunnlagd Ukjend
Heimebane St. Andrew's Stadium, Birmingham
(Kapasitet: 30 009)
Styreleiar Flag of England.svg David Gold
Hovudtrenar Skottland Alex McLeish
Liga Premier League

Birmingham City Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb. Klubben spelar i 2010/11-sesongen i Premier League, etter å ha rykt opp frå Football League Championship i 2009. Klubben blei stifta i 1875, og kom med i The Football League i 1892, då 2. divisjon i ligaen vart oppretta. Kallenavnet til Birmingham City er "The Blues", og dei spelar heimekampene sine på St Andrew's i Birmingham. Birmingham er den nest største byen i England og ligg i regionen West Midlands, om lag 20 mil nordvest for London. Birmingham City sin store lokalrival er Aston Villa, som også kjem frå Birmingham og ofte har vore storebror av dei to Birmingham-klubbane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Birmingham City vart stifta under namnet Small Heath Alliance i 1875, men skifta namn til Birmingham FC i 1905. I 1885 vart klubben profesjonell. Frå 1889 spelte klubben i Football Alliance, som var ein rivaliserande liga til den nye Football League. I 1892 vart dei og dei andre laga i Football Alliance med i Football League då 2. divisjon der vart oppretta. Birmingham vann 2. divisjon i den første sesongen, men rykte likevel ikkje opp, då dei ikkje vann kvalifiseringskampen mot laget som hadde tapt 1. divisjon. Året etter rykte dei opp i 1. divisjon, etter å ha kome på 2. plass i 2. divisjon. Dei neste åra veksla klubben på å spela i 1. og 2. divisjon, med tre opp- og nedrykk fram til 1921. Det året vann klubben 2. divisjon, og spelte så 18 sesongar i 1. divisjon - den lengste samanhengande perioden klubben har spelt i toppdivisjonen. Men i desse 18 sesongane kom klubben aldri høgare på tabellen enn 8. plass.

I 1943 skifta klubben namn igjen, til Birmingham City FC. Etter andre verdskrigen, og heilt fram til i dag, heldt Birmingham City fram med å veksla mellom opprykk og nedrykk mellom dei to øvste divisjonane. 1955/56-sesongen vart den beste i klubben si historie, då dei, etter å ha rykt opp frå 2. divisjon sesongen før, kom på 6. plass i 1. divisjon. Same sesongen kom dei til finalen i FA-cupen, noko dei òg hadde klard i 1931. Dei tapte i finalen mot Manchester City. Frå 1955 til 1962 deltok klubben dessutan fire gonger i Messebycupen, forløparen til UEFA-cupen. Dei kom til finalen i 1960 og 1961, der dei tapte, først for Barcelona, så for AS Roma. I 1963 vann klubben sitt første trofé, då dei vann ligacupen.

Frå 1972 til 1986 hadde klubben igjen ein lengre periode i toppdivisjonen, berre avbrote av to enkeltsesongar i 2. divisjon. Men dei klarde aldri å konkurrera i toppen av 1. divisjon - den beste plasseringa var 10. plass i 1972/73. Då klubben rykte ned i 1986 skulle det ta lang tid før dei nådde toppserien igjen. I 1989 rykte dei for første gong ned i 3. divisjon, der dei måtte spela tre sesongar før dei rykte opp igjen i 1992, og så endå ein sesong i 1994/95 etter eit nytt nedrykk. I 2011 vann dei ligacupen for andre gong.

Frå 1995 til 2002 spelte klubben i den nest øvste divisjonen, som no hadde skifta namn til 1. divisjon. Frå og med 1998/99-sesongen var klubben fire år på rad med på å spela playoff-kampar om opprykk til Premier League. I 2002 lukkast dette endeleg, og frå 2002 til 2006 spelte dei fire sesongar i Premier League, med 10. plass i 2003/04 som beste plassering. Deretter har klubben vore eit sokalla "heislag" med nedrykk frå Premier League i 2006, opprykk tilbake i 2007, nedrykk igjen i 2008 og opprykk igjen i 2009. I 2009/10-sesongen fekk Birmingham City dermed igjen sjansen i Premier League, og klarde denne gongen å unngå nedrykk.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]