Birth of Rock and Roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birth of Rock and Roll
Singel av Carl Perkins
frå albumet Class of '55
B-side «Rock and Roll (Fais-Do-Do)»
Utgjeve Mai 1986
Innspelt Sun Studio
Sjanger Rockabilly, country, rock & roll
Lengd 4:21
Selskap Smash/America
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Greg Perkins
Produsent Chips Moman
Carl Perkins-kronologi
«(Let's Get) Dixiefried»
(1973)
Birth of Rock and Roll «Class of '55»
(1987)


«Birth of Rock and Roll» er ein song frå 1986 skriven av Carl Perkins og Greg Perkins. Songen var med på albumet Class of '55 som inneheld framføringar av Johnny Cash, Roy Orbison og Jerry Lee Lewis.[1] «Birth of Rock and Roll» vart gjeven ut som singel og var produsert av Chips Moman. Singelen nådde 31. plassen på countrylista i USA og 44. plassen på countrylista i Canada. B-sida var «Rock and Roll (Fais-Do-Do)» med Jerry Lee Lewis og Roy Orbison.[2] Temaet i songen «Birth of Rock and Roll» er korleis «Memphis var opphavet til rock and roll» i 1950-åra ved Sun Records.[3] Det vart laga ein video av songen med Carl Perkins, Jerry Lee Lewis og Ronnie Wood frå The Rolling Stones som køyrer til det historiske studioet i Memphis i Tennessee i ein kvit Cadillac.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles[4] 31
Canadian RPM Country Tracks 44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perkins, Carl; McGee, David (1996). Go, Cat, Go!. New York: Hyperion Press. ISBN 0-7868-6073-1. OCLC 32895064.
  2. Carl Perkins Diskografi at rocky-52.net.
  3. Naylor, Jerry; Halliday, Steve. The Rockabilly Legends: They Called It Rockabilly Long Before They Called It Rock and Roll. Milwaukee, Wisc.: Hal Leonard. ISBN 9781423420422. OCLC 71812792.
  4. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 259. ISBN 978-0-89820-203-8.