Bisjkek
| Bisjkek | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 127 km² | ||
| Folketal | 1 191 000 (1. januar 2025)[1] | ||
![]() Bisjkek 42°52′00″N 74°34′00″E / 42.866666666667°N 74.566666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Bishkek | |||
Bisjkek er hovudstaden og den største byen i Kirgisistan. I 2023 hadde byen rundt 1,15 millionar innbyggarar.
Byen ligg midt i elvedalen til Tsju.[2] I 1825 bygde khanen av Kokhand ei festning her som forsvar mot russisk ekspansjon. Russland tok likevel makta over området i 1860, og skipa den moderne byen her i 1878.[3]
Bykjernen har breie alléar i eit rutenett, fleire parkar og frukthagar,[4] med gamle marmor-bygningar som er kombinert med bygningar og leilegheitskompleks i sovjetisk stil.
Namn
[endre | endre wikiteksten]På kirgisisk er bisjkek ein type stav som blir bruka til å laga ein tradisjonell drikk av gjæra hoppemjølk, kumis.[5][6] Bynamnet er også blitt tolka som ei forvansking av det opphavlege sogdiske namnet, Peshagakh, som kan tyda ‘stad under fjella’. Ei anna forklaring er at det viser til ‘fem riddarar’ som etter soga slost om herredøme over Tsju-dalen. Russarane kalla han Pisjpek. Frå 1926 til 1991 var byen kjent som Frunze, etter bolsjevik-kommandøren Mikhail Frunze. Namnet «Bisjkek» blei gjeninnført etter ei folkerøysting i 1991.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Bisjkek har opphav ved ein festning i Kokhand-khanatet skipa i 1825. I 1864 blei festningen jamna med jorda, men busettinga blei gjenoppretta i 1878 av det russiske styret. I 1926 blei byen døypt om til Frunze etter Mikhail Frunze, ein lokal leiar som bidrog til å dempe motstanden mot den bolsjevikske regjeringa.
Etter brotet med Sovjetunionen blei Kirgisistan uavhengig i 1991 og byen blei på nytt døypt om til Bisjkek. I dag er det ein pulserande og relativt moderne by, og inneheld blant anna den amerikanske luftvernbasen Ganci. (Russland har eigen luftvernbase nær Kant.)
Stader å sjå
[endre | endre wikiteksten]- Fjellet Tien Shan ligg i bakgrunnen av byen.
- Fleire statuar av Vladimir Lenin står ennå, og den største er på den andre sida av parlamentsbygningen i ein lauvrik park. Ein sjeldan ryttarstatue av Lenin står i ein stor park ved jernbanestasjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Resident population as of the beginning of the year - Open Data - Statistics of the Kyrgyz Republic». Henta 28. juni 2025.
- ↑ Bloom, Jonathan M.; Blair, Sheila S. (2009). «Bishkek» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-530991-1.
{{cite journal}}: Cite journal requires|journal=(hjelp)CS1 maint: periodical has ISBN (link) - 1 2 Everett-Heath, John (2020-10-22). «Bishkek» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6.
{{cite journal}}: Cite journal requires|journal=(hjelp)CS1 maint: periodical has ISBN (link) - ↑ «Bishkek | Population, Map, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 2024-11-07
- ↑ Reuters (2022-07-21), «This Asian country is betting on fermented horse milk to attract tourists», CNN (på engelsk), henta 2024-11-07
{{citation}}:|last=has generic name (hjelp) - ↑ Eden, Caroline (2022-03-26). «In Kyrgyzstan, a taste of the 'purest milk imaginable'». Financial Times.
