Bismarckøyane
| Bismarckøyane | |||
| øygruppe | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Bismarckøyane 5°00′S 150°06′E / 5°S 150.1°E | |||
| Wikimedia Commons: Bismarck Archipelago | |||
Bismarckøyane eller Bismarckarkipelet er ei gruppe øyar utanfor nordaustkysten av Ny-Guinea i det sørvestlege Stillehavet. Øygruppa høyrer til Papua Ny-Guinea. Dei fleste øyane er av vulkansk opphav, og er ein del av Eldringen i Stillehavet.[1]
Dei største øyaneer New Britain, der ein òg finn den største byen, Rabaul, New Ireland, Admiralty Islands og Lavongai.[1]
Øyane blei fyrst folkesette for 30 000–40 000 år sidan.[2] Seinare er det funne spor etter Lapita-kulturen.[1]
Den fyrste europearen som vitja øyane var nederlandske Wilem Schouten, som kom hit i 1616.[1]
Øygruppa blei tysk koloni i 1885, og fekk namn etter den tyske kanslaren Otto von Bismarck.[3] Bismarckøyane blei okkupert av Australia i 1914, under fyrste verdskrigen. Etter krigen blei dei gjort til eit australsk mandat. Under andre verdskrigen blei dei okkupert av japanske styrkar. I 1975 blei øyane del av staten Papua Ny-Guinea.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 «Bismarckarkipelet» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Leavesley, Matthew G.; Chappell, John. «Buang Merabak: additional early radiocarbon evidence of the colonisation of the Bismarck Archipelago, Papua New Guinea». Antiquity. Durham University. Arkivert frå originalen 4. mars 2018. Henta 4. mars 2018.
- ↑ «Otto von Bismarck 1815-1898». www.dhm.de (på tysk). Stiftung Deutsches Historisches Museum. Henta 10. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Bismarckarkipelet» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2019.
