Bismar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bismer)
Prinsippskisse
Norsk bismar

Bismar (gammalnorsk: bismari) er ei vekt med krok eller skål i eine enden og regulerbart lodd i den andre. Loddet vert skubba langs etter armen for å få lengre eller kortare vektarm og soleis kan ein lesa av vekta på armen.

Bismarar vart i eldre tid laga av tre. Ei forordning frå 10. januar 1698 påbaud at dei skulle lagast av jarn.

Ved veging av tyngre ting vart det brukt pundar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]