Bispedømmeråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit bispedømmeråd er i Den norske kyrkja eit lovfesta organ for bispedømmet, samansett av ti eller elleve medlemmer som er valde av dei tilsette i kyrkja og av sokneråda. Bispedømmerådet skal arbeide for det kristelege livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeidet mellom sokneråda og andre lokale arbeidsgrupper innan bispedømmet.

Bispedømmet vart innført ved lov av 16. juni 1933. Reglane om val av bispedømmeråd finst no i kyrkjelova. Dei ti eller elleve representantane i bispedømmerådet er:

  • biskopen
  • ein prest vald av prestane i bispedømmet
  • ein lek kyrkjeleg tilsett vald av dei leke kyrkjelege tilsette i bispedømmet
  • sju andre leke valde ved direkte val eller i kombinasjon av direkte val og val gjennom sokneråd

I Nord-Hålogaland bispedømmeråd er det i tillegg ein nord-samisk representant, i Sør-Hålogaland bispedømmeråd ein lule-samisk representant og i Nidaros bispedømmeråd ein sør-samisk representant. I Oslo bispedømmeråd er det i tillegg ein representant frå døvekyrkjelydane i bispedømmet.

Bispedømmerådet tilset og har arbeidsgjevaransvar for prestar i kyrkjelydane. Bispedømmerådet fordeler òg statlege tilskott til særskilde stillingar innan kyrkjeleg undervisning og diakoni. Rådet har òg andre forvaltingsoppgåver som gjeld lokalkyrkja.

Bispedømmerådet medverkar ved utnemning av ny biskop.

Medlemmane av bispedømmeråda utgjer ein del av kyrkjemøtet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Handbok for sokneråd og kyrkjelge fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon