Bispelueslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bispelueslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Berberisfamilien Berberidaceae
Underfamilie: Berberidoideae
Stamme: Berberideae
Understamme: Epimediinae
Slekt: Bispelueslekta Epimedium
L., 1753

Bispelueslekta (Epimedium) er ei planteslekt i berberisfamilien.

Epimedium × versicolor 'Sulphureum'

Plantane i slekta er fleirårige urter og kan vera lauvfellande eller eviggrøne. Dei har jordstengel. Blada kan vera grunnstilte eller sitja på ein stengel. Avhengig av art er blada enkle eller samansette. Blomestanden sit i toppen av ein blomestengel som kan vera bladlaus eller ha eitt til fire blad. Bladranden er som regel tannete. Det er åtte begerblad i to kransar. Den inste kransen har ofte ein sterk farge. Det er fire kronblad med varierande storleik, og hjå nokre artar har kronblada ein lang honningspore. Dei fire pollenberarane sit motsett av kronblada. Frukta er ein kapsel. Frøa har ein iaugefallande, kjøtfull frøkappe og blir spreidd av maur.

Dei fleste artane i bispelueslekta veks i Kina, men slekta finst også i Himalaya, Japan, Korea, Russisk fjerne austen, Sør-Europa, Kaukasia, Anatolia og Algerie. Ein dyrker fleire arter og hybridar i hager. I Aust-Asia er nokre av plantane blitt brukt til medisinske føremål i over 2000 år. Dei skal auka libido, redusera blodtrykk og blodsukker og dempa betennelsar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]