Bispen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bispen
fjell
Kongen & Bispen.jpg
Bispen frå sør, med Kongen i bakgrunnen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Rauma, Møre og Romsdal
Fjellkjede Romsdalsalpene
Høgd 1 462 moh.
Primærfaktor 330 m
Koordinatar 62°27′43.0″N 7°38′59.5″EKoordinatar: 62°27′43.0″N 7°38′59.5″E
Wikimedia Commons: Bispen

Bispen (1 462 moh.) er eit fjell på toppen av Trollstigen lengst sør i Isterdalen i Rauma kommune.

Tur[endre | endre wikiteksten]

Det er tre ruter til topps, derav to (sørryggen og austryggen) krev klatring. Nordryggen er bratt og luftig, men ein kan nå toppen utan tradisjonell fjellklatring. Starten er frå toppen av Trollstigen, langs vegen mot Valldal. Stigen går opp langs nordsida av elva. Følg ho eit stykke, deretter bratt oppover lia på vestsida av Bispen og Bispevatnet, der ho svingar opp til «bandet» mellom Kongen og Bispen. Derfrå er det lett å klyve oppover. Nær toppen vert det rimeleg luftig.

Bispen er ein av dei «enklaste» av dei kjente toppane i Romsdalsfjella å kome til topps på. Det kan derfor vere ein del trafikk opp nordryggen, og det er i enkelte parti vorte fleire variantar av stigen. Turen til toppen tar mellom 2,5 og 4 timar.

BASE-hopping[endre | endre wikiteksten]

Den bratte nordveggen til Bispen har vist seg eigna for BASE-hopping. Frå sommaren 2006 har BASE-hopparar gjort fleire hopp med wingsuit, like forbi Øvre bispesving i Trollstigvegen.