Bistriţa
Bistriţa | ||
---|---|---|
Plassering | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Fylke | Bistriţa-Năsăud | |
Borgarmeister | Ovidiu Creţu | |
Geografi | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) |
83 039 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 356 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 820033 | |
Retningsnummer (tlf) | +40 02 40 | |
Bilnummer | TL | |
Nettstad: www.primariabistrita.ro |
Bistriţa (tysk Bistritz, tidlegare Nösen;[2] ungarsk Beszterce) er ein by i Transilvania i Romania og fylkeshovudstad i Bistriţa-Năsăud fylke. Han ligg ved elva Bistriţa og har om lag 85 000 innbyggjarar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Pechenegar slo seg ned i området på 1100-talet etter dei vart angripe av kumanar og dei kalla området Besenyő. Byen vart øydelagd av mongolar under invasjonen deira av Europa. Dette er skildra i eit dokument frå 1241. Bistriţa låg langs fleire handelsvegar og vart ein velståande handelsstasjon i mellomalderen.
Bistriţa vart ein fri keisarby i 1330. I 1353 fekk han rettar til å halde ein 15 dagar lang marknad og eit eige segl. I 1465 hadde festningsverka rundt byen 18 forsvarstårn og bastionar som forsvarte dei lokale lauga. Han vart òg forsvart av ei Kirchenburg, ei festningskyrkje.
Han vart ein del av Romania etter 1919, men kom tilbake til Ungarn ein kort periode under den andre verdskrigen.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bistriţa» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Innbyggjartal i Romania 1. juli 2007
- ↑ Landsbyar i Siebenbürgen. Vitja 11. april 2008.