BitTorrent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

BitTorrent er eit P2P-system for å distribuera filer i eit datanett. Den opphavlege versjonen var skriven av utviklaren Bram Cohen. Programmet vart gjeve ut med MIT-lisens i 2002.

BitTorrent fungerer på ein heilt annan måte enn tradisjonelle filoverføringsprotokollar som http og ftp. Når ein brukar byrjar å lasta ned ei fil, får han ikkje nødvendigvis starten på fila først. Til å byrja med vert tilfeldige, ulike bitar av fila sende til alle brukarane som har bede om den same fila. So vert brukarane kopla til kvarandre og utvekslar dei forskjellige delane. Når mange nok brukarar er kopla til, vil omsider alle få tak i hele fila.

Dette får hastigheita på opp- og nedlasting til å auka med talet på brukarar som lastar ned, til skilnad frå tradisjonelle metodar, der det går tregare når alle lastar ned frå same kjelde.

Ved å lasta opp fila til andre brukarar samstundes som han lastar ned, bidreg kvar BitTorrent-klient til distribusjonen av fila. Klienten bruker all bandbreidda han får; dette er ein parameter som brukaren sjølv kan setja. Klientar som bidreg mykje med å lasta opp, vil automatisk verta premierte med at dei får henta data frå fleire kjelder enn andre.

Dette forhindrar sokalla «leeching» (igling), som er brukarar som berre lastar ned utan å bidra med sjølv å lasta opp.

Sjølv om denne teknikken kan nyttast til piratkopiering av til dømes filmar og musikk, er det to viktige skilnader mellom BitTorrent og ulovlege P2P-program som til dømes KaZaA, Napster og Grokster. For det første tilbyr ikkje BitTorrent i seg sjølv nokon måte å finna filer på. Ein brukar må sjølv fortelja BitTorrent kvar fila er tilgjengelege ifrå. For det andre gjer ikkje BitTorrent nokon freistnad på å skjula kven som opphavleg distribuerte fila.

BitTorrent er innebygt som ein integrert del i siste beta-versjon av nettlesaren Opera.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]