Bitumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bitumen

Bitumen er eit svart, seigt hydrokarbon som i nokon grad finst naturleg, men som oftast er skaffa som restprodukt etter destillasjon av råolje, der det framstår som den tyngste fraksjonen med høgast kokepunkt.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Bitumen blir hovudsakleg brukt til asfaltbetong, der bitumenet blir varma opp og blanda med grus før det blir lagt ned og jamna ut. Andre bruksområde er blant anna taktetting, då spesielt av flate tak. Flytande bitument kan òg brukast som patinering til kunstartiklar i keramikk, gips og metall. Fargegraderinga blir avgjort av kor uttynna det er av t.d. reinsa terpentin. Tidlegare var bitumen brukt som botnstoffbåtar, og til tider òg til vern av hus, naturleg bitumen skal blant anna ha vorte varma opp og smurt på husa i Babylon som vern mot vêr og vind. Bitumen blir òg brukt på kablar og liner.

Bitumen må ikkje forvekslast med tjøre eller bek.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bitumen