Hopp til innhald

Björkö i Mälaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Björkö
øy
Land  Sverige
Kart
Björkö
59°19′29″N 17°33′36″E / 59.324722222222°N 17.56°E / 59.324722222222; 17.56
Wikimedia Commons: Björkö
Kulturlandskapet på Björkö i 2008
Oversyn over Birka på Björkö med tidlegare tiders strandliner teikna inn.

Björkö er ei øy i Södra Björkfjärden i innsjøen Mälaren i Sverige. Ho høyrer til Ekerö kommun. Øya er vidgjeten av di handelsstaden Birka låg her i vikingtida. Restane etter denne handelsstaden er rekna som eit av dei viktigaste fornminna i Sverige, og eit av det svenske Riksantikvarieämbetets høgst prioriterte og funnrike arkeologiske utgravingsområda.

Björkö er i dag om lag 4 x 1,5 kilometer stor, men var i vikingtida monaleg mindre. I tidlegare tider var Mälaren ei vik av Austersjøen, og vatnet kring øya stod mykje høgare. Landhevinga etter siste istida har vore på om lag fem meter, og har gjort Mälaren til den innsjøen den er i dag, med den fylgja at strandlina kring øya har drege seg ned på lågare nivå. Den søndre luten av Björkö, som før hadde vore ei eiga øy, er no vorte ein del Björkö. På det høgste punktet, Ingaberget, finst det gravhaugar frå bronsealderen.

På den nordre luten av dagens Björkö finst ein stor mengd konstruksjonar og restar frå vikingtida, særleg gravhaugar som det har vore gjort mange funn i. På eit etter måten høgt berg ligg det restar etter ein borg kvar det i 1834 vart sett opp ein stor steinkross som er synleg på lang lei, Ansgarkorset, med referanse til biskop Ansgar si ferd til Birka. På det området her som i vår tid vert kalla Svarta jorden, låg handelsstaden Birka.

På søraustsida av øya ligg Ansgarskapellet frå 1930 til minne om biskop Ansgars Birka-ferder. Kapellet er bygd i raud sandstein. Attmed kapellet ligg den lille grenda Björkö by, som kan vere ein like gamal busetnad som handelsstaden Birka, men som no berre er to bondegardar.