Bjønnkamslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjønnkamslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Underklasse: Polypodiidae
Orden: Sisselrotordenen Polypodiales
Underorden: Aspleniineae
Familie: Bjønnkamfamilien Blechnaceae
Underfamilie: Blechnoideae
Slekt: Bjønnkamslekta Blechnum
L., 1753

Bjønnkamslekta (Blechnum) er ei slekt av bregner i bjønnkamfamilien, som igjen er ein del av ein større monofyletisk orden, Polypodiales.[1] Slekta omfattar 150-220 artar.

Bregnane veks normalt langs bakken. Eit viktig kjenneteikn er dei unge skota, som ofte har eit raudt preg. Plantane er 10–100 cm høge, og har blad som står ut i rosettformasjon frå grunnen. Nokre av artane veks rundt krater i vulkanar, blant anna kjeldebjønnkamIsland.

I Noreg finst arten bjønnkam Blechnum spicant. Denne blei fyrst vitskapleg skildra av Linne, og er ein 15–50 cm høg, symmetrisk tofinna bregne med bladstenglane ståande opp frå rota i rosettformasjon. Sterile og fertile blad er ulike. Bjønnkam går opp til 1250 moh. i Stranda i Møre og Romsdal, og går elles nord til Kvænangen i Troms. Arten har hovudtyngde i kyststrøk på Vestlandet og er meir sjeldan i austlege delar av landet.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande artar er nokre av dei totalt 150-220 som finst i bjønnkamslekta:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, A. R., K. M. Pryer, et al.' "A classification for extant ferns", i Taxon 2006 55(3), side 705-731. online tilgjengeleg versjon Arkivert 2008-02-26 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]