Bjørg Mykle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørg Mykle
Fødd26. juni 1940
Død26. januar 2023 (82 år)
AliasBjørg Stenfeltskog
Verka somdokkemakar, pedagog
EktefelleArne Bust Mykle
PrisarTyrihansprisen

Bjørg Mykle (26. juni 194026. januar 2023) var ein norsk kunstnar, dokkemakar og pedagog.[1]

Saman med ektemannen Arne Bust Mykle skapa ho blant anna dokkene til barne-tv-serien Pompel og Pilt.[2][3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

I 1959, då Mykle gjekk på gymnaset, vart ho kjend med Agnar Mykle og kona hans Jane Mykle, og dokketeateret dei hadde stifta i 1948.[1]

I 1961 tok Mykle avgangseksamen frå handelsgymnaset, og vart lærarvikar ved Abildsø skole i Oslo. Denne stillinga fekk ho ved hjelp av antroposofen og teaterpedagogen Erik Trummler, som dreiv barneteater ved skulen. Ho bestemte seg for å utdanne seg til lærar, og gjekk ut frå Statens lærerhøgskole i 1965.[1]

Parallelt med lærarutdanninga studerte Mykle dokketeater hos ekteparet Mykle, og gifta seg etter kvart med sonen deira Arne Bust Mykle. I 1967 tok Bjørg og Arne Mykle over leiinga av Norsk Dukketeater, som dei omdøypte til Dukketeaterverkstedet.[1]

I 1967 flytta Bjørg og Arne Mykle også inn i eit hus i den gamle trehusbusetnaden på Vålerenga. Då dei kommunale myndigheitene noko seinare vedtok å rive trehusa for å leggje ein motorveg gjennom bydelen, deltok Bjørg og Arne Mykle i lokale aksjonar for å redde bumiljøet. Denne kampen vann fram, og per 2017 er Vålerenga eit heilskapleg trehusmiljø og eit populært buområde.[4]

Den fyrste fjernsynsserien Dukketeaterverkstedet laga for NRK fekk tittelen Reparatørene, men er betre kjend under kallenamnet Pompel og Pilt. Her opptrer handdokkene «Pompel» og «Pilt» og «Gorgon vaktmester» som dei sentrale skikkelsane.[5] Serien vart fyrste gongen sendt på TV i 1969.[4]

I 1970 sende NRK Fjernsynet programserien Dukkeverkstedet, der Bjørg Mykle og Arne Bust Mykle gjennom fire program underviste barn i å lage og spele med teaterdokker. Dei fire episodane hadde titlane Teater med fingrene, Den første dukken, Vi lager dukker og Instruksjon og spill.[6][7]

I 1978 produserte NRK ein serie barneprogram som i fyrste rekkje var mynta på høyrslehemma barn. Serien heitte Kan du se hva jeg sier? og hadde premiere 23. januar 1979. I denne serien vart det blant anna vist ulike korte filmar, og undervegs fekk programleiaren Terje Johan Johnsen besøk av dei to handdokkene Smørbukk og hunden Gulltann. Dokkene vart førte av Bjørg Mykle og Arne Mykle.[8]

De siste åra av yrkeskarrieren underviste Bjørg Mykle på Høgskolen i Oslo, samtidig som ho dreiv Dukketeaterverkstedet vidare. Ho fortsette dokketeaterverksemda etter å ha gått av med pensjon som lærar. Blant anna heldt ho framsyningar i barnehagar rundt om i Oslo.[4]

Mykle utvikla metodar for bruk av dokketeater og teaterleik som pedagogisk verkemiddel. Ein av metodane kalla ho «stasjonslek».[9]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2006 heldt Blaafarveværket på Modum ei utstilling med over 50 dokker frå Dukketeaterverkstedet. Denne utstillinga vart seinare vist fleire stader i landet; etter å ha vore på Trøndelag Folkemuseum vinteren 2006/2007, vart ho våren 2007 vist på nytt i Gamle Bergen Museum.[10]

I 2009 vart Mykle tildelt Tyrihansprisen. Prisen er ei påskjønning frå foreininga UNIMA-Norge til personar som har gjort ein særleg innsats for figurteaterfaget, og prisen vert delt ut annakvart år. Han vart overrekt til Bjørg Mykle under opninga av Figurteaterfestivalen i Kristiansand.[3]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – Vår barndoms beske vin, roman gjeven ut under namnet Bjørg Stenfeltskog
  • 1993 – Dukkenes Magi, fagbok om figurteater

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bjørg Mykle 60 år». www.helgereistad.com. Henta 6. desember 2017. 
  2. «Barnefjernsynets barndom». www.norskanimasjon.no (på norsk). Foreningen For Animert Film. Henta 6. desember 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Tyrihansprisen til Bjørg Mykle». NRK (på norsk bokmål). 6. oktober 2009. Henta 6. desember 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Marion Juliussen. «Magisk liv på Vålerenga» (PDF). Mer gammelt enn nytt (Vålerenga Historielag) (4/2012). 
  5. Morgenbladet 3. februar 2023 Dukkeskaper Bjørg Mykle er død. sitat:På NRKs arkiv kan man se samtlige fem episoder av serien om de to frakkekledde reparatørene. Mystisk stemning, sparsomme kulisser og en svært fremfusende vaktmester som utelukkende snakket i «ere»-ord («reparere, reflektere, reformere, redusere») er kanskje det mange forbinder sterkest med serien.
  6. «NRK TV - Se Dukkeverkstedet episode 1» (på norsk). 19. januar 1970. Henta 16. oktober 2018. «Barn rundt bord. Ekteparet MYKLE hjelper til med å lage dukker. Vatt legges i strømpe som skal bli til et hode. Hår, øyne og munn lages. Hår lages rundt en skoeske. Pike klipper til kjole på dukke. Annen pike syr kjolen fast til hodet. Barna leker med dukkene.» 
  7. «NRK TV - Se Dukkeverkstedet episode 4» (på norsk). 9. februar 1970. Henta 16. oktober 2018. «Dukke frem på scenen. Bjørg MYKLE instruerer en som skal holde en dukke på scenen. Dukken skal ta opp en fyrstikkeske. To dukker blir instruert. Shots tatt fra scenens bakside. To dukker, den ene har sett en brann. Flere barn leker med sine dukker. Flere shots hvor barna leker med dukkene på scenen. Alle dukkene framme på scenen.» 
  8. «NRK TV - Se "Kan du se hva jeg sier?"» (på norsk) (Episode 1 (av 3)). 23. januar 1979. Henta 6. desember 2017 – via NRK.no. 
  9. Inger Susæg. «DRAMA som metode i småskolen». www.livsbobler.no. Inger Susæg. Henta 7. desember 2017. «Stasjonslek er et metode som Bjørg Mykle har utviklet. Metoden tar utgangspunkt i et eventyr der det finnes steder der rolleleken kan blomstre. Dette er en en metode som til fulle tar utgangspunkt i barnas rollelek, men som stimulerer den gjennom en eller annen form for fortelling. / Utgangspunktet kan også være en billedbok, en sang etc. I forkant av stasjonsleken gjennomgår vi teksten grundig, leker oss med figurene, samtaler og fantaserer slik at barna har en grundig kjennskap til innholdet. Deretter bygges stasjoner, det vil si at barna, i kurs-sammenheng dere, bruker det som er av bord, stoler, tepper, rekvisitter for å skape de stedene der rolleleken skal foregå.» 
  10. «Pompel og Pilt til Bergen». Bergensavisen - www.ba.no (på norsk). 2. februar 2007. Henta 7. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]