Bjørg Simonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørg Simonsen
Fødd17. april 1937 (85 år)
Mo i Rana
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar av Rana 1976-1985
FøregangarAlf Andreas Øverli
EtterfylgjarOle Ingar Lindseth

Bjørg Simonsen (fødd 17. april 1937) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Simonsen var medlem av formannskapet i Rana kommune 1968-1975, ordførar i Rana kommune (1976-1985) og statssekretær i Samferdsledepartementet i perioden 1988-1989.

Frå 1989 til 2004 var ho avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket. Mellom 1995 og 2005 var ho medlem av Bedriftsforsamlinga i Telenor.

Frå januar 2004 var Simonsen styreleiar for Nordland Teater.

Etter 22 års fråvær gjorde ho comeback i lokalpolitikken då ho stilte på arbeidarpartilista til kommunestyrevalet i 2007.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Simonsen, Bjørg (red.): Langt mot nord - midt i verden. Mo i Rana, 1999, Nasjonalbiblioteket, ISBN 82-7965-017-2