Bjørg Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørg Vik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1935
Oslo
Død

7. januar 2018 (82 år)

Yrke barnebokforfattar, journalist, skribent, skodespelforfattar
Språk norsk
Born Lars Vik, Leiken Vik

Bjørg Vik (11. september 19357. januar 2018) var ein norsk forfattar og dramatikar fødd i Oslo. Ho var utdanna ved Journalistakademiet, og var tilsett i Porsgrunns Dagblad. Ho debuterte som forfattar i 1963 med novellesamlinga Søndag eftermiddag, og er vorte særleg kjend for novellekunsten sin. Ho var styremedlem i Norsk Forfattersentrum og Pressens Faglige Utvalg. Særleg på seksti- og syttitalet viste forfatterskapet til Vik eit sterkt feministisk engasjement, og i 1973 var ho med på å starte det banebrytande kvinnetidsskriftet Sirene.

Vik er omsett til over 30 språk, og har tre gonger vorte innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1963 Søndag ettermiddag (noveller)
  • 1966 Nødrop fra en myk sofa (noveller)
  • 1967 Ferie (høyrespel)
  • 1968 Det grådige hjerte (noveller)
  • 1979 Gråt, elskede mann (roman)
  • 1972 Kvinneakvariet (noveller)
  • 1974 To akter for fem kvinner (skodespel)
  • 1974 Hurra, det ble en pike (skodespel)
  • 1975 Fortellinger om frihet (noveller)
  • 1976 Gutten som sådde tiøringer (barnebok)
  • 1978 Sorgenfri: fem bilder om kjærlighet (skodespel)
  • 1979 En håndfull lengsel (noveller)
  • 1981 Det trassige håp (høyrespel)
  • 1982 Snart er det høst (noveller)
  • 1984 Fribillett til Soria Moria (skodespel)
  • 1985 En gjenglemt petunia (noveller)
  • 1987 Jørgen Bombasta (barnebok)
  • 1988 Små nøkler, store rom (roman)
  • 1990 Vinterhagen (skodespel)
  • 1991 Poplene på St. Hanshaugen (roman)
  • 1992 Reisen til Venezia (skodespel)
  • 1993 Den lange veien til et annet menneske (noveller)
  • 1994 Elsi Lund (roman)
  • 1996 Gatenes magi (fortellingar)
  • 1998 Roser i et sprukket krus (roman)
  • 1999 Alt kvinner tilgir (skodespel)
  • 2001 Salong Saratustra (skodespel)
  • 2002 Forholdene tatt i betraktning (noveller)
  • 2003 Søndag ettermiddag (skodespel)
  • 2005 Sensommer (noveller i utvalg)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]