Bjørgahaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bjørgahaug er ein liten fjelltopp i Sogndal kommune i Sogn, 362 moh. Frå denne toppen er det panoramautsikt over bygda Systrond.

For å koma til toppen kan ein starta ved Statens forsøksgard på Njøs, og halda fram opp ei svært bratt li, eller byrja på Sanden i Fatlaviki, som er ein noko lengre og mindre bratt tur. Bjørgahaug er ein av turpostane til trimgruppa i Syril, det lokale idrettslaget.

Det er òg mogleg å ta turen vidare til stølen Hangsete. Sidan 2010 har ogso Hangsete vore turpost.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.